FÅR MIDLAR: Lærdal kommune får 1.765 000 kroner til breibandsutbygging frå Sjurhaugen til Maristova. Årdal på si side får ikkje pengar. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
FÅR MIDLAR: Lærdal kommune får 1.765 000 kroner til breibandsutbygging frå Sjurhaugen til Maristova. Årdal på si side får ikkje pengar. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Får pengar til vidare utbygging av breiband

Lærdal kommune har fått 1.765 000 kroner til breibandsutbygging.

Lærdal: Pengane skal nyttast til vidare utbygging frå Sjurhaugen og opp til Maristova. Utbygginga her vil dekke 110 husstandar. 

Årdal kommune på si side får ikkje fleire midlar til utbygging. Kommunen hadde søkt om utbygging i området øvst i Seimsdalen og Fardalen. 

Totalt er Sogn og Fjordane fylkeskommune tildelt 18,5 millioner kroner frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) til dette arbeidet. Desse løyser til saman 60 millionar til breiband i fylket.

– No får me eit nytt løft og vidarefører det arbeidet me har starta opp. Det både gleder og inspirerer.  Det viser at koordineringsjobben til fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Godt samarbeid

Olav Skarsbø er prosjektleiar for breibandsatsinga i fylkeskommunen, og meiner samarbeidet mellom fylkeskommunen og kommunane fungerer svært godt.

– Dette er eit godt døme på nettopp det. I staden for at kommunane sender inn sine eigne søknader, samla me ressursane og søkte saman. Dette er ein strategi me har lykkast med dei to siste åra, seier Skarsbø.

Han fortel vidare at kommunane lagar prioriteringane sine ut frå behov som er melde inn frå bygdelag og innbyggarar. Det heile byrjar med bygdemøte med underskriftslister.

Arbeidet med å bygge ut breibandsnettet i Lærdal startar truleg opp neste år. 

Til toppen