MYKJE NYTTA: Ytre Moa er eit mykje nytta turområde i Øvre Årdal. Farnes skule ha søkt og fått dispensasjon til å setja opp ein gapahuk her. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MYKJE NYTTA: Ytre Moa er eit mykje nytta turområde i Øvre Årdal. Farnes skule ha søkt og fått dispensasjon til å setja opp ein gapahuk her. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Får setja opp gapahuk på Ytre Moa

Farnes skule har søkt kommunen og fått dispensasjon til å setja opp ein gapahuk på Ytre Moa.

Farnes skule vil setja opp ein gapahuk lengst aust i området mot parkeringsplassen. Dette måtte til for at gapahuken ikkje skulle komma i konflikt med det freda kulturminneområdet.

Vikingtuftene og gravhaugane på Ytre Moa er unike i norsk samanheng, og det gjenstår framleis utgravingar på fleire gravhaugar. Difor var det viktig at gapahuken ikkje øydelggjer eller reduserer verdien av kulturminna.

– Arbeidarpartiet synest dette er positivt fordi det vil skapa ein ny form for aktivitet for ungane i barnehage, skule og Barnas Turlag på Ytre Moa. Det er viktig at dei som brukar dette tilbodet, følgjer dei vilkåra i fire punkt for å ta vare på den kulturelle delen av området, seier Ørjan Stedje Ylvisåker (Ap).

Fordelane større enn ulempene

BOSSDUNK: Det er sannsynlegvis mange turgåarar som vil setja pris på at det kjem bossdunkar på Ytre Moa. I dag vert posar med hundebæsj kasta under ein stein.
BOSSDUNK: Det er sannsynlegvis mange turgåarar som vil setja pris på at det kjem bossdunkar på Ytre Moa. I dag vert posar med hundebæsj kasta under ein stein.

Dei fire vilkåra han siktar til er at materialet til gapahuken ikkje skal fraktast med motorvogn utanfor grusvegen, at ein må ta særskilt omsyn til omgjevnadene og ikkje grava i marka ved etablering, at det skal leggjast til rette for grilling ved gapahuken og at det blir sett opp bossdunkar. 

– Tangen skule har ei liknande sak oppe ved Storesteinen, og det er flott at Farnes skule får ein plass dei kan grilla og møtast. Det blir sikkert litt søppel, så det er viktig at ein har ein god praksis på dette, seier Ylvisåker.

I drøftinga av saka kjem det fram at fordelane er større enn ulempene ved ei slik etablering. Dei positive fordelene som blir peika på er at tiltaket ligg i randsona til funnområdet, er reversibelt og er positivt for helse, friluftsliv, tilgjenge og barn og unge.

Skeptisk

Kulturavdelinga til fylkeskommunen er i utgangspunktet skeptiske til tiltaket, men kan akseptera det sidan det er skissert utan inngrep i bakken og er reversibelt. 

– Det er viktig å ha slike plassar for skulane slik at ungane er meir ute i friluft. Då må me leggja til rette for det. Men det er eit spesielt område ein gjer inngrep i, og det skal ein vera bevisst på. Ytre Moa har ein del kulturminne som ikkje må øydeleggjast, seier Aleksander Øren Heen (Sp).

Formannskapet vedtok samrøystes å gi dispensasjon til tiltaket.

Til toppen