Sogndal: Dei to sidespenna på Loftesnesbrui vart monterte før i veka, men løftet av hovudspennet - sjølve milepelen i prosjektet som gjer at den nye brua får sin endelege form - er altså utsett ein dag, går det fram av ei pressemelding frå Statens Vegvesen.
Les også: Siste innspurt for Loftensnesbrui
Nye Loftesnesbrui er av typen nettverksbogebru og er 194 meter lang. Brua tek med seg element av boga frå den gamle brua frå 1958, men vert mykje meir oversiktleg. Ny bru er mykje breiare og med eiget felt for gåande og syklande. Køyrebana blir mykje flatare enn dagens bru, som har stor høgdeforskjell inn mot midten.
Brua opnar først i desember.