SMÅ FILMSKAPARAR: Torsdag fekk Eivind Nordstrand Bøkenes (f.v), Signe Nundal Grøttebø, Ronja Einemo og Ida Charlotte Metland koma i kommunestyret både for å fortelje om filmen, og for å syne den fram til politikarane. Foto: Ina Eirin Eliassen

Får syne fram filmen sin på barne-tv

– Den kan vera litt skummel, men er mest morosam, seier Eivind Nordstrand Bøkenes.

Lærdal: Andreklassingane Eivind Nordstrand Bøkenes, Signe Nundal Grøttebø, Ronja Einemo og Ida Charlotte Metland var torsdag i kommunestyret for å syne fram animasjonsfilmen "Sølvi feirer fødselsdag", som dei har laga på kulturskulen.

Kjem på tv

"Sølvi feirer fødselsdag" handlar om ein katt som har bursdag, men så kjem ingen av venene i selskapet. Men så skjer det noko som endrar alt.  

Delar av filmen skal blir synt fram i serien "Klart eg kan" på NRK Super i slutten av januar, der "Sølvi feirer fødselsdag" blir med i forteljinga om ein gut som vil bli filmskapar. 

Satsar på film

Magne Grøttebø, rektor for kulturskulen, fortel at dette året har dei hatt eit prosjekt i kulturskulen, der dei har satsa på å laga animasjonsfilmar.

Han fortel at også framover vil det også bli filmskaping i andre formar for dei som melder seg på. 

Til toppen