LANGSKOT: Her bankar Kristian Fardal Opseth inn kampens einaste for Bodø/Glimt og blir matchvinnar mot Fredrikstad. Foto: Skjermdump.
LANGSKOT: Her bankar Kristian Fardal Opseth inn kampens einaste for Bodø/Glimt og blir matchvinnar mot Fredrikstad. Foto: Skjermdump.

Fardal Opseth blei matchvinnar – sjå scoringa

Kristian Fardal Opseth klarar ikkje slutte å score i 1. divisjon.

Sogndal: 27-åringen, som er på lån i Bodø/Glimt står no med fire mål på like mange kampar på Noregs neste høgste nivå. 

Før resten av den fjerde runden er ferdigspelt kan Fardal Opseth no kalle seg toppscorar i 1. divisjon. 

Mot Fredrikstad kom han inn som innbyttar i det 53. minuttet på stillinga 0-0. Ti minutt etter låg ballen i mål. Spissen gjorde ein glimrande jobb i å vende vekk eit motspelar før han drog til med den velkjente slegga si frå langt hald.

Ballen gjekk i mål, og det var også den einaste scoringar i kampen. Glimt toppar divisjonen no. 

PS! Ulrik Flo spelte heile kampen for Fredrikstad. 

Til toppen