Bodø/Glimt-Ullensaker/Kisa: 3 - 1
Kristian Fardal Opseth er i ferd med å skyte Bodø/Glimt tilbake til Eliteserien, slik han gjorde med Sogndal for to sesongar sidan.
Laurdag putta han sitt sjette for sesongen og med det er han delt toppskårar saman med Ousseynou Boye på Mjøndalen og Kjell Rune Sellin på Sandnes Ulf.
Eit litt artig poeng: 11 av 18 Glimt-mål denne sesongen har kome frå «sogndalspelarane» Fardal Opseth (6), Vegard Leikvoll Moberg (4) og Thomas Drage (1).
Moberg forlot Sogndal til fordel Bodø/Glimt i vinter, medan Drage forsvann til Sverige etter ein halv sesong i opprykksesongen 2015. Fardal Opseth derimot er berre på lån fram til sommaren.