RAS: I haust gjekk det eit ras mellom Seltun og Galdane. Slik ser det framleis ut langs strekninga i mars. Foto: Privat. 
RAS: I haust gjekk det eit ras mellom Seltun og Galdane. Slik ser det framleis ut langs strekninga i mars. Foto: Privat. 

Fare for fleire ras 

I haust gjekk det eit ras mellom Seltun og Galdane. No fryktar ein at det snart kan gå eit til. 

Lærdal: – Me er litt redde for at det kan gå eit nytt ras i området. Det er ein fjellsprekk som har byrja å utvida seg der, seier Magne Grøttebø, kultursjef i Lærdal. 

Les også: Her kjem ei unik bru på plass

På bilete i saka ser ein restane av raset som gjekk i haust. Massane er endå ikkje fjerna. 

Ryddinga kan ta tid

Heile turløypa som går frå Seltunåsen til Galdane er verna. Vedlikehaldsprosjektet som er gått i gang, har ein prislapp på heile 15 millionar kroner. 

– Ein har rydda og mura ein del langs vegen. Restane av raset skal fjernast, men eg kan ikkje gi eit eksakt tidspunkt på når, seier Grøttebø, som har ansvaret for dei verna kulturvegane i kommunen. 

Det er Statens vegvesen som har prosjektet. 

– Det er innanfor verneplanen til Statens vegvesen, men her må dei ta strekning for strekning. Difor kan ein ikkje forventa at det blir gjort med ein einaste gong, seier Grøttebø. 

Les også: Kongevegen er vakrast i landet

Unngå tur i regnet

Kultursjefen fortel at ein aldri kan vera sikker på om det går ras eller ikkje, men at det er viktig å ta forhandsreglar. 

– I fjor skulle me eigentleg ha eit arrangement der oppe under Lærdalsmarknaden, som me måtte avlysa grunna dårleg vêr. Me fekk ein del pepar for at me avlyste det, for regnet kom aldri. Men det er viktig å ta forhandsreglar, seier Grøttebø. 

Fjellsprekken som har utvida seg, ligg like ved sjølve Galden. 

– Om det er regn og ein del nedbør, så må ein vera forsiktig og helst unngå å gå langs strekninga. Me oppfordra ikkje folk til å ikkje gå. Ein kan aldri nekta folk å gå i naturen. No er det no slik at det er rasfare nesten alle stader i Lærdal, avsluttar Grøttebø.  

Til toppen