MYKJE NEDBØR: Meteorologisk institutt har sendt ut Obs-varsel for torsdag ettermiddag og fredag, då det er venta svært mykje nedbør. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MYKJE NEDBØR: Meteorologisk institutt har sendt ut Obs-varsel for torsdag ettermiddag og fredag, då det er venta svært mykje nedbør. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Fare for mykje nedbør og skred

NVE har heva farenivået til gult. 

Årdal/Lærdal: Meteorologisk institutt har sendt ut Obs-varsel for Sogn og Fjordane og store delar av Vestlandet. 

Bakgrunnen for varselet er at det er venta lokalt store nedbørsmengder frå torsdag ettermiddag. Somme stader kan det koma mellom 140 og 170 millimeter med nedbør.

  • Du kan alltid sjekke vêret der du er på Porten.no HER.

Mykje nedbør kombinert med stigande temperaturar og vind fredag vil føra til snøsmelting. Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er høg enkelte stader.

– Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. Rensing av dreneringsvegar og stikkrenner er anbefalt, skriv NVE om faren for flaum og ras. 

Til toppen