STORE STEINAR: Tysdag ettermiddag raste store steinar nedover fjellsida og traff vegen. Ingen personar eller køyretøy vart skadd av raset. Foto: NTB Scanpix.
STORE STEINAR: Tysdag ettermiddag raste store steinar nedover fjellsida og traff vegen. Ingen personar eller køyretøy vart skadd av raset. Foto: NTB Scanpix.

Fare for nye ras

Statens vegvesen seier dei må reinske fjellsida før arbeidet med å rydde området kan kome i gong.

Gudvangen: Det var tysdag ettermiddag rundt 17.00 at store steinar raste ned fjellsida og small i vegen om lag ein kilometer frå Gudvangen i retning Voss. 

Steinraset raste ned frå om lag 800 meters høgde og rundt 300 meter av vegbana er råka, og det er ein del skadar på vegbana. 

Ingen personar eller køyretøy vart skadd på grunn av raset. Statens vegvesen har plassert ut vaktar for å hindre at nokon tek seg inn i rasområdet. 

Fare for nye skred

Allereie tysdag kveld var ein geolog frå Vegvesenet på staden. Han slår fast at det er fare for nye skred og at fjellsida må reinskast før arbeidet med å rydde og reparere vegen kan kome i gong.

Artikkelen held fram under biletet.

SPERRAR VEGEN: Store steinar, dei største på storleik med bilar, sperrar og har øydelagt vegbana.
SPERRAR VEGEN: Store steinar, dei største på storleik med bilar, sperrar og har øydelagt vegbana.

– Me har ikkje observert nye skred gjennom natta. No må me først reinske fjellsida før mannskapet kan ta fatt på arbeidet med å rydde og reparere vegen, seier fungerande avdelingsdirektør Ingar Hals i Statens vegvesen, vegavdeling Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Skal spyle fjellsida

Arbeidet med sikring av fjellsida vil være i gang rundt klokka 10. Det første ein vil gjere er å nytte helikopter for å spyle fjellsida for eventuelle lause massar og stein.

Ikkje før fjellsida er sikra kan arbeidet med å rydde vegbana starte. Arbeidet vil ta tid då steinblokkene er så store at dei må bli splittast før dei kan fjernast.

Anbefalt omkøyringsrute er riksveg 7 eller E134. Onsdag er det sett opp ei ekstra ferje på sambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes fram til 22.00 i kveld for å hjelpe til med å ta unna trafikk.

Til toppen