SNØ: Det har kome snø på Tindevegen.
SNØ: Det har kome snø på Tindevegen. (Foto: Tindevegen.no)

Fare for snø og sludd på fjellovergangane: – Køyr forsiktig

Det seier dagleg leiar i Tindevegen, Frank Eldegard.

Tindevegen: Hausten nærmar seg og det merkast på fjellovergangane. Det har allereie kome snø i fleire av fjella. 

– Det er fare for sludd og snø på dei høgaste punkta dei neste dagane, seier Eldegard.

SNØ: Frank Eldegard oppfordrar folk til å køyra forsiktig. Foto: Tindevegen.no

Han oppfordrar folk til å følga med på webkameraet på heimesida til Tindevegen, samt køyra forsiktig. 

Aurlandsfjellet stengt 

– Det er òg mykje nedbør akkurat no, det regnar godt ute. 

På Sognefjellet derimot er det ikkje kome snø endå, men òg der er det venta snø utover veka. 

– Det er bart borte på Sognefjellet, så snøen her på Tindevegen er veldig lokal. Men det er ikkje farleg å køyre over fjellet, understrekar Eldegard. 

Tidlegare i dag meldte vegtrafikksentralen at Fv 243 Aurlandsfjellet er stengt grunna snø.

Til toppen