STOR SNØSKREDFARE: Snøskredfaren er stor i Jotunheimen og indre Sogn, melder NVE. Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors.
STOR SNØSKREDFARE: Snøskredfaren er stor i Jotunheimen og indre Sogn, melder NVE. Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors.

Faren for snøskred er stor: – I dette vêret er ingenting trygt

Oppmodinga frå leiaren i Sogndal Røde Kors er å halde seg i ro dersom ein ikkje er sikker på tilhøva.

Sogndal: I både Jotunheimen og indre Sogn er farenivået no på oransje når det gjeld snøskred. Med andre ord skal ein vite kva ein held på dersom ein har tenkt seg på tur i fjellheimen.

Odd Rune Vikheim, leiar i Sogndal Røde Kors, oppmodar folk om å ta det forsiktig i vinterferien dersom dei skal ut på ski.

Sjekk tilhøva for ditt område her.

– Folk bør iallfall finne opplysningar om tilhøva før dei legg ut på tur. Det kjem oppdateringar heile tida, og viss ein er usikker, bør ein halde seg i ro. I dette vêret er ikkje noko trygt, seier han. 

NVE melder om krevjande forhold i fjellet, der nedsnødde svake lag kan bli utløyst som skred av skiløparar i Jotunheimen. For indre Sogn krevst det mykje kunnskap om korleis ein skal bevege seg i bratt terreng, skriv NVE. 

Blitt flinke på utstyr

For Røde Kors og andre hjelpeorganisasjonar, er vinteren ofte ei travel tid. Mesteparten av oppdraga er i skibakken, der folk anten har tøyd grensene litt for langt eller er uheldige.

– Men ein har også dei som vert overraska av vêret når dei er på tur. Då gjeld det å setja seg ned og venta til det letta og eventuelt søkja hjelp, seier Vikheim, som er klar på at riktig utstyr er eit «must».

– Men me ser at mange no er veldig flinke på utstyr. Folk er også generelt blitt veldig flinke på informasjon, legg han til. 

Til toppen