Fargespel og nordlys på oppdrag i nord
(Foto: Vegard B. Aasen / Veri Media)

VEKAS FOTO

Fargespel og nordlys på oppdrag i nord

Vekas foto er teke av Vegard B. Aasen.

Kvænangen / Sogndal: Aasen jobbar som fotograf, og var på oppdrag i Burfjord i Kvænangen kommune i Troms.

Ein kveld laga nordlyset i stand show for fotografen.  

– Me var i Burfjord på ein fotojobb, og fekk klarvêr og kraftig nordlys den eine kvelden. Ein magisk oppleving!, seier Aasen til Porten.no. 

Fotografen driv selskapet Veri Media og fortel at dei fleste bileta hans er frå Sogn. 

– Dei fleste oppdraga mine er i Sogn. Eg har mange personlege fotoprosjekt og som stort sett er i Sogn òg. 

– Har du en favoritt-tur? 

– Oi, her er det mange å velje mellom! Eg trur eg går for Store Dyrhaugstind i Hurrungane med ski på beina. Utsikta er heilt fantastisk, og skikøyringa ned til Ringsdalen er knallfin. Om ein har nok futt i beina kan ein ta ein tur på Store Ringstind i same slengen, seier Aasen. 

Til toppen