Luster: Journalist og spaltist Linda er for tida på ferie, og ser ut til å nytta han godt. På Instagram bugnar det var fjelltoppar og vakker natur.
Nyleg gjekk turen til Skåravatnet på Skjolden.
– Utsikt er hakket betre enn frå Bolstadnosi, som ligg litt lengre borte. Du ser òg tindane (Hurrungane) her frå. Det er ein lang og fin tur, med utsikt rett ned til Skjolden, og kjempebratt, seier Watten.
Toppen er omlag 930 meter over havet, og stien går rett opp ifølgje Watten. Det førte til at den trufaste turkameraten, hunden Mille på åtte månader, måtte tilbringa litt av turen i sekken.
– Ho vart boren opp til Rebnisli, men deretter gjekk ho resten av vegen opp. Ho måtte derimot bli boren tilbake til Rebni. Det er mange kilometer for små føter. Ho legg seg beint ned når ho er sleten og seier klart i frå, seier Watten.

Mange turmoglegheiter
I ferien har Watten gått strategisk til verks for å kryssa av så mange av turane i heimkommunen Luster som mogleg.
– Eg har ferie så no går eg alle turane eg elskar på heimplassen i staden for å reisa på ferie. Heldig med vêret har eg vore òg!

Likevel har ho ein klar favoritt, nemleg turen til Skåravatnet.
– Det kjennest som eg er på toppen av verda. Ein ser alt Skjolden har å by på, og ein ser at Lustrafjorden og Sognefjorden endar her.
Bølifossen inne i Mørkridsdalen er òg ein storfavoritt.
– Det er ikkje så høgt og langt, men å finna ein foss, grønt vatn, og ei sandstrand midt inni fjellheimen er ein draum, fortel Watten, som i skrivande stund er på veg tilbake til Bølifossen for ein dukkert.