Får og kål lag på lag i ei gryte er den vanlegaste måten å lage fårikål. Dei seinare åra har det derimot vorte meir vanleg å ha med andre ingrediensar i gryta.
Får og kål lag på lag i ei gryte er den vanlegaste måten å lage fårikål. Dei seinare åra har det derimot vorte meir vanleg å ha med andre ingrediensar i gryta. (Bilde: Scanpix)

Fårikål: Norsk nasjonalrett frå Danmark

Grønsaker kokt saman med kjøt har lang fartstid på norske middagsbord. Blant desse rettane finn vi fårikålen som frå 1970-talet har smykka seg med tittelen Noregs nasjonalrett. Likevel er kanskje ikkje fårikålen så norsk som vi trur, nokre matforskarar hevdar nemleg at retten stammar frå Danmark.

På 1800-talet dukka «faar i kaal» for første gong opp i norske kokebøker. Den kokeboka som kanskje inneheld dei eldste oppskriftene på retten er Fuldstændig Norsk Kogebog av Karen Dorothea Bang frå 1835. Her blir fårikål omtalt som «Nedlagt Gaas i Hvidkaal» og det blir antyda at sauekjøt kan nyttast i staden for gås. Truleg var dette fordi gåsekjøt var dyrare og mindre tilgjengeleg enn sauekjøt.

Tradisjonell fårikål

4 porsjonar

  • 1,5 kilo fårikålkjøt
  • 1,5 kilo hovudkål
  • 4 ts. heil pepar
  • 2 ts. salt
  • 3 desiliter vatn
  1. Del hovudkålen i båtar.
  2. Legg kjøt og kål lagvis i ei gryte (kjøt nedst med feittsida ned). Strø salt og pepar mellom laga. Peparkorna kan eventuelt leggjast i ein spesiell peparhaldar. (Nokon likar også å jamne fårikålen. Strø då litt kveitemjøl, cirka 1–2 matskeier per 4 porsjonar, mellom laga.)
  3. Hell på vatn. Kok opp og la fårikålen trekke på svak varme til kjøtet er mørt (til det losnar frå beinet), cirka. 2 timar.

Kjelde: Matprat.no

Nasjonalrett

Heilt sidan byrjinga av 70-talet har fårikålen smykka seg med tittelen Noregs nasjonalrett. Då var det lyttarane til radioprogrammet Nitimen som stemte fram fårikålen. Dette blei stadfesta i 2014 då dåverande landbruks- og matminister Sylvi Listhaug lyste ut ein nasjonalrett-konkurranse i tilknyting til grunnlovsjubileet. Fårikålen fekk om lag 45 prosent av røystene og stadfesta dermed posisjonen sin som nasjonalrett ein gong for alle.

Mathistorikaren Henry Notaker meiner derimot at opphavet til retten neppe er norsk. I boka Mat og måltid antydar han at retten stammar frå Danmark:

«Fordi de to hovedingrediensene var velkjente norske råvarer, så mange på retten som typisk norsk tradisjonsmat. Allerede navnet burde ha vekket en viss mistenksomhet, for på den norske landsbygda sa ikke folk «får», men «sau» og «smale».»

Han påpeikar og at vi finn fårikål på menyen i fleire land. Mellom anna i Danmark og Tyskland der retten hadde namn som «Lammekød i kaal» og «Kød og kaal».

I 1998 fekk fårikålen òg ein eigen festdag. Det var Opplysningskontoret for kjøtt som stifta dagen for å promotere fårikålen. Dagen blei sett til den siste torsdagen i september kvart år. I tillegg har reklame- og informasjonsapparatet i verksemda laga den fiktive foreininga Fårikålens venner. Foreininga har ei eiga nettside, på matprat.no, der ein kan laste ned fårikåleffektar som til dømes songhefte og bordbrikke.

Fårikålens festdag har vore markert i Noreg sidan 1998. Her frå feiringa i 2003, utanfor Nationaltheatret i Oslo. På programmet stod blant anna servering av fårikål frå den største fårikålgryta i verda. Dessverre blei ikkje dagen heilt som planlagt, då fårikålen svidde seg fast i botnen av gryta. Hundrevis av folk venta forgjeves på eit gratis måltid. 
Fårikålens festdag har vore markert i Noreg sidan 1998. Her frå feiringa i 2003, utanfor Nationaltheatret i Oslo. På programmet stod blant anna servering av fårikål frå den største fårikålgryta i verda. Dessverre blei ikkje dagen heilt som planlagt, då fårikålen svidde seg fast i botnen av gryta. Hundrevis av folk venta forgjeves på eit gratis måltid.  Foto: Falch, Knut

Fårikål med ulik vri

Kålhovud har ikkje vore planta i Noreg lenger tilbake enn 1600-talet. I tillegg er det usikkert kor utbreidd det var å bruke ferskt sauekjøt i matlaging før 1900-talet. Ofte blei sauekjøt salta, røykt eller konservert på annan måte. I dag gjer frysemoglegheitene at fårikål òg kan serverast utanfor sesong, heiter det i ein artikkel skrive av Eva Narten Høberg som er forskar i NIBIO ved avdelinga for utmarksressursar og næringsutvikling.

– Noreg har gode forhold for å produsere sauekjøt. Lamma, som blir fødde om våren, kjem raskt ut på næringsrikt, ungt beitegras. Sauene beitar saman med lamma sine i utmarka, og produserer kjøtt på gras som elles ikkje ville blitt nytta. Om hausten er lamma slaktemodne, og derfor er det sesong for ferskt lammekjøtt om hausten. Denne driftsforma er spesiell for Noreg, og gjer at vi er kjende for å produsere lammekjøtt i verdsklasse, fortel Høberg.

Fårikål med chili

4 porsjonar

  • 1,5 kilo fårikålkjøt
  • 1,5 kilo hovudkål
  • 2 stk. raud chili
  • 3 ss frisk ingefær
  • 2 desiliter soyasaus
  • 3 ss kveitemjøl
  • 2 ss heil pepar
  • 3 desiliter vatn
  1. Legg alle ingrediensane lagvis, drys over mjøl, hell på soyasaus og vatn.
  2. Kok opp, og la det trekke smått i to timar, til kjøtet er mørt.
  3. Server med frisk persille eller koriander på toppen.

Kjelde: Matprat.no

For mange er den tradisjonelle oppskrifta på fårikål heilag, den skal ikkje eksperimenterast med. Likevel har det dei seinare åra kome fleire oppskrifter der ein piffar opp originaloppskrifta med nye ingrediensar. I dag finn ein oppskrifter på fårikål som inneheld alt frå bacon og timian til chili og ingefær. Ein kan til og med finne fårikåloppskrifter med indisk vri.

Men eksperimentering med fårikålen er ikkje noko nytt, allereie i dei eldste oppskriftene ser vi ulike variasjonar av retten. Mellom anna var det absolutt ikkje eit must å bruke sauekjøt. Det finst oppskrifter med tidlegare nemnde gås, med hare og med svin. Svin i kål var truleg ein slags austnorsk ekvivalent til fårikålen, då det på 1800-talet var mykje svin på Austlandet og mykje sau på vestlandet.

Høberg skriv at ein finn variantar av fårikål over heile verda. I nokre tilfelle er kålen bytt ut medan det i andre tilfelle blir tilsett fleire grønsaker saman med kålen. Om nasjonalretten er heilnorsk vil vi kanskje aldri finne heilt ut av, men at fårikålen står og kokar i mange norske heimar denne hausten, det er heilt sikkert.

Til toppen