FÅRIPUB: Fårikål er ein norsk tradisjonsrett, og på ein stad som Borgund, der det er ein del som driv med sau, er det nesten sjølvsagt med ein Fåripub. Foto: Kjell Rune Humborstad.
FÅRIPUB: Fårikål er ein norsk tradisjonsrett, og på ein stad som Borgund, der det er ein del som driv med sau, er det nesten sjølvsagt med ein Fåripub. Foto: Kjell Rune Humborstad.

Fåripub på Borgund

Svoltne og tørste lærdøler kalla ein spade for ein spade og inviterte til Fåripub i Lærdal laurdag kveld.

Borgund: Lærdal Sau og Geit, Postaabneriet Pub & Cafe og Borgund Utvikling arrangerte Fåripub laurdag kveld.

42 personar kom for å kosa seg med den lokale maten med kål frå Arne Sanden, poteter frå Magne Eri og kjøt frå Borgund.

Kvelden starta med velkomst frå Kåre Rudningen, som underheldt med vitsar og forteljingar under heile måltidet som vara ei god stund.

– Det var skikkeleg fin stemning med god mat, og praten og latteren sat laust, fortel Kjell Rune Humborstad til Porten.no

Etter matgildet rigga S.A.S seg til og spelte opp til dans, og 20 fleire besøkande kom til puben.

– Kvelden vart ein suksess, og me satsar på ein ny runde neste år, seier Humborstad.

Til toppen