Lærdal: Betre rutinar kunne hindra mange av ulukkene, meiner landbruksekspertar.
Umerksemd og hastverk er dei hyppigaste årsakene bøndene sjølv oppgjev, ifølgje rapporten «Ulykker og arbeidsmiljø i landbruket» frå forskingsstiftinga Bygdeforsking.
Norges bondelag rullar i sommar ut eit eige studieopplegg om tryggleik i landbruket. Kvart år vert om lag seks prosent av bøndene utsett for ei ulukke med personskade.
– Det er viktig å gjera synleg korleis gode arbeidsvanar kan bidra til å redusera risikoen for ulukker, seier Inger Johanne Sikkeland, seniorrådgjevar i Bondelaget.
Norsk landbruksrådgivning (NLR) bidreg på medlemsmøte i Bondelaget med helse, miljø og tryggleik som emne. Prosjektleiaren i NLR, Jan Elgvang, opplyser at interessa er aukande, spesielt blant yngre bønder.