KONTROLL: Syklane vart sjekka før elevane fekk prøve seg i hinderløypa.
KONTROLL: Syklane vart sjekka før elevane fekk prøve seg i hinderløypa. (Foto: Mette Karin Helland)

Farnes skule arrangerte trafikkdag: – viktig for å førebyggja trafikkulukker

Elevar frå 4. til og med 7.klasse på Farnes skule fekk testa sin kunnskap om trafikk tryggleik under skulen sin årlege sykkeldag.

Øvre Årdal: Farnes skule har som tradisjon at alle elevane frå 4.klassetrinn og oppover deltek på sykkeldagen kvart år. 

Sjå bileter nedst i artikkelen.

I løpet av dagen skulle elevane visa sine tekniske ferdigheiter igjennom ei hinderløype på skuleplassen, før dei så fekk testa dei i praksis på ein tur rundt sentrum. 

– Eg synes det er eit veldig bra opplegg. Det er viktig med tanke på at dette er mjuke traffikantar. Det er mange som syklar til og frå skulen kvar dag, og dei ferdast jo over alt på fritida. Det er viktig for å førebyggja mot sykkelulukker, seier Anette Svori, kontaktlærar for 5B.

Før elevane fekk setje i gong vart syklane kontrollert av politiet. Her vart bremser, refleksar, hjul, sete og styre sjekka nøye. 

Kårar beste jente og gut

4.klassingane er med for fyrste gong. Dei har øvd i fire veker både i hinderløypa og ute i trafikken. I tillegg har dei tatt ei teoriprøve. Og dei som har gjort det bra, får gevinst: 

– Me skal kåra beste jente og beste gut på kvart trinn, og beste klasse utifrå kor bra dei har gjort det samanlagt på alle tre prøvene. Det gjer me kvart år, seier Svori. 

Premiane vart donert frå fleire butikkar i Årdal.

– Elevane synest at det var veldig kjekt, seier Mette Karin Helland, lærar for 5.klasse. 

Delar ut 90 sykkelhjelmar kvart år

Tilstades på sykkeldagen var Svein Ove Åmås, koordinator i Årdal Tenk Tryggleik, som i samarbeid med ÅTT har delt ut mange sykkelhjelmar til fjerdeklassingane i kommunen:

– Me delar ut rundt 90 sykkelhjelmar i året til fjerdeklassingane, seier Åmås. 

– Det er spanande. Det er moro å arbeide med ungane.

Farnes Skule, Trafikkdagen, Årdal
VINNARAR: PÅ biletet ser me elevane på kvart trinn som vart kåra til beste gut og jente, med premiane som var sponsa frå butikkar i Årdal. (Foto: Mette Karin Helland)
 Farnes Skule, sykkeldag, Årdal, Øvre Årdal, Årdal Tenk Tryggleik
BESTE KLASSE: 5A ved Farnes skule vann prisen for beste klasse under trafikkdagen. Dei scora høgst samanlagt i den tredelte prøva. (Foto: Mette Karin Helland)
 Farnes Skule, sykkeldag, Årdal, Øvre Årdal, Årdal Tenk Tryggleik
KONTROLL: Syklane vart sjekka før elevane fekk prøve seg i hinderløypa. (Foto: Mette Karin Helland)
 Farnes Skule, Trafikkdagen, Årdal
KÅRING: Tysdag denne veka heldt dei kåring på Farnes skule for beste klasse og beste jente og beste gut i kvar klasse. (Foto: Mette Karin Helland)
Til toppen