Farnes skule stengd på grunn av vasslekkasje

Farnes skule stengd på grunn av vasslekkasje

Elevane ved ungdomstrinnet ved Farnes skule blei ved 12-tida sendt heim på grunn av lekkasje.

Årdal: – Det var mykje vann i øvste etasje, seier elev i 9. klasse, Isak Krossøy.

Farnes skule blei stengd på grunn av lekkasje ved 12-tida torsdag. Årdal kommune kan melda om at feilen er funne og utbetra. Det skal ikkje vera noko gale med taktekket.

LEKKASJE: Slik såg det ut på Farnes Skule torsdag. Foto: Tipsar

– Det som har skjedd, er at eit avlaupsrøyr har blitt tetta frå taket. Vatnet frå taket har flauma over og inn i ventilasjonsanlegget og inn i skulen, fortel seksjonsleiar i forvaltning, drift og vedlikehald i Årdal kommune, Hans Jørgen Røneid.

Sjå video frå tipsar nedst i saka. 

Foreldre reagerer på dårleg info

Isak Krossøy fortel at mange av klassekameratane hans gjekk opp i etasjen kor 10. klasse held til for å sjå på vatnet som rann frå taket. I videoen han har sendt Porten.no kan ein sjå korleis elevar plaskar avgårde i gongen.

– I klasserommet vårt var det ikkje vatn, men det rann vatn ned i trappene til oss også, fortel Krossøy.

Mor hans Yamilys Krossøy fortel at ho blei sjokka då ho såg omfanget i videoen.

– Eg blei skremt av videoen. Det er ikkje snakk om ein liten lekkasje dette. Med lyset på kunne ein sjå at det rant som ein foss, fortel ho.

Ho tykkjer skuleleiinga gjorde det einaste rette ved å senda elevane heim.

– Det var ikkje forsvarleg å ha elevane på skulen no. Det var heilt på sin plass. Det eg reagerer på er ein ikkje har høyrt noko frå skulen enno, fortel ho.

Området er tørka opp

Seksjonsleiar i forvaltning, drift og vedlikehald Hans Jørgen Røneid, fortel at vatnet no er tørka opp og at dei takplatene som blei skada av vatnet er teke bort.

– Det som skjedde var at det var ein propp i takløpet, der vatnet frå taket skulle rent gjennom. Vatnet samla seg difor opp på taket og rann over ein dørkarm og inn i ventilasjonsrommet, fortel seksjonsleiar Røneid.

Han fortel at skadene ikkje vart så store, og elevane kan vende tilbake til skulen på fredag.

– Alt vil gå som normalt i morgon. Det er berre nokre takplater som kjem til å vera vekke, fortel han.

Til toppen