KORPS PÅ TUR: Farnes skulemusikk håpar dei klarar å halde lenger på musikantane ved å arrangere turar, men det kostar. Difor håpar dei på god hjelp når dei no arrangerer basar. Foto: Merete Moen. 
KORPS PÅ TUR: Farnes skulemusikk håpar dei klarar å halde lenger på musikantane ved å arrangere turar, men det kostar. Difor håpar dei på god hjelp når dei no arrangerer basar. Foto: Merete Moen. 

Farnes skulemusikk vil på tur – no håpar dei på hjelp​

Farnes skulemusikk fyller 65 år i 2017, og difor vil dei reise på ein ekstra tur, men då må det pengar til.

Årdal: – Me skal til Florø i mars for å konkurrere i regionmeisterskap, og til sommaren reiser me til Italia på ein korpsfestival, fortel Sigyn Øren. 

Men det kostar å reise på tur, så difor arrangerer dei basar på torsdag i Årdal kulturhus, der dei håpar dei får inn nok pengar slik at dei kan bestille flybillettar. 

– Me jobbar ganske intenst med skulemusikken for å oppretthalde korpsmiljøet i bygda, og då tenkjer me at slike turar er med på å få opp interessa blant dei unge og ungdommane, seier Øren.

2. plass for to år sidan

For to år sidan deltok skulemusikken på regionmeisterskap, der dei kunne reise heim med sølvtøy i baggasjen etter ein flott 2. plass. 

– Det var me veldig stolte av. Det er gjerne slik at oppkøyringa før ein konkurranse er mest spennande for ungdommane. Då øver dei litt ekstra, og så er det moro å vere med på når dei får testa seg konsentrasjonen litt. Resultatet er ikkje så viktig for meg, men på vegen mot målet får me ei heving i kvalitet, legg ho til.

Satsar på turar for å halde på ungdommen

Då Øren starta i jobben som musikkskulerektor tilbake i 2009, hadde ho med seg fem stykk på tur. I dag er det godt og vel 25 musikantar, men utfordringar er å halde på dei eldste og få dei med over i vaksenkorps.

– Det er den kneika me heile tida jobbar med. Difor satsar Farnes skulemusikk litt ekstra på turar og opplevingar.

– Å læra seg å spela eit blåseinstrument er ikkje verdas enklaste, men me ser stadig progresjon og framgang blant musikantane. Det er eit intenst og langsiktig arbeid, men me har det kjekt, og eg er utruleg stolt over det gjengen har fått til. 

Til toppen