Lærdal: Ein bilførar stakk søndag kveld av etter å ha blitt teken i ein fartskontroll på E16 i Lærdal. Farten vart målt til 107 km/t i 80-sona, og det var to passasjerar i bilen.
Utrykkingspolitiet la seg på hjul, men mista kontakten med bilen. Etter tips frå folk i området, vart bilen funnen att like etter i Saltkjelen, eit bustadfelt på Ljøsne.
Nokre gutungar hadde sett kor føraren hadde lagt på sprang, og hjalp politiet staka ut rette kursen.
Føraren, ein mann frå bergensområdet, vart pågripen ein halvtime etter. I tillegg til å ha brote fartsgrensa, og forsøkt å stikka frå politiet, vil han bli meld for køyring utan gyldig førarkort, og for farleg forbikøyring.