TIPS: Nokre av spørsmåla handlar om SafeClean AS og  Hydro.
TIPS: Nokre av spørsmåla handlar om SafeClean AS og Hydro.

Fasit på julequiz - sjå kven som vart vinnaren

Margrete Oline Horge er den heldige vinnaren av Porten.no sin julequiz.

Ytre Sogn: For ei veke sidan oppmoda me lesarane våre til å svare på ti quizspørsmål om nyheiter frå Ytre Sogn dei siste vekene. Margrete OIine Horge frå Lærdal er den heldige vinnaren som stikk av med ein Porten.no kopp og eit flaxlodd. 

Under kan du lese fasiten. 

Null dagbøter, kraftturisme og Fundo-bygget

1. Ei ny avsløring viste at kommunane i i landet betaler svimlande summar i dagbøter til sjukehusa etter at samhandlingsreforma tredde i kraft i 2012. Kor mange dagbøter hadde Gulen kommune i 2018?  

Gulen kommune hadde null dagbøter i 2018. 

2. Kva heiter privatpersonen som tente mest i Høyanger kommune i 2018?

Erik Jarle Osland tronar inntektstoppen i Høyanger i 2018.

3. Kor mange millionar har SafeClean AS invistert i å tipasse deira nye annlegg på Kyrkjebø til den framtidige drifta?

12-15 millionar. 

4. Kva heiter Høyanger kommune sin nye nettstad som dei håpar vil lokke fleire til bygdene?

Kvardagstrivsel.no.

5. Om lag kor mange samla seg kring ambulansen i Lavik tidligare i desember for å vise Helse Førde kor viktig ein døgnambulanse er for bygdene?

Mellom 250 og 300 personar møtte opp. 

6. Kor mange verksemder i Høyanger og Gulen oppfylte krava til å bli Gaselle-verksemd i år?

Sju verksemder i Høyanger og Gulen vart Gaselle-verksemder.

7.  Kven vert ny administrerande direktør for Østerbø Maskin tidleg i 2020?

Richard Cornell.

8. Innan kva type turisme har Høyanger utmerka seg til å bli eit framtidig satsningsområde mellom fylkeskommunane Vestland og Rogaland?

Kraftturisme.

9.  I kva bygg har Hydro Høyanger starta pilotprosjekt?

Fundo-bygget. 

10. Kven fikk kulturprisen i Høyanger tidlegare i desember? 

Reidun Haugnes

Til toppen