FRÅ VENSTRE: Arve Uglum, Benedicte Elisabeth Stedje, Jon Olav Stedje saman med ungane, og Synne Asheim Haga.
FRÅ VENSTRE: Arve Uglum, Benedicte Elisabeth Stedje, Jon Olav Stedje saman med ungane, og Synne Asheim Haga. (Foto: Arkiv)

Fasit på julequiz - sjå kven vinnaren vart!

Vivi-Ann Navdal Opheim stakk av med sigeren i Porten.no sin prestisjetunge julequiz.

Indre Sogn: I jula har har Porten.no hatt ein quiz gåande om nyheitsbilete i desember.

Mange har sendt inn gode svar, men Vivi-Ann Navdal Opheim frå Marifjøra i Luster vart trekt ut som vinnar denne gongen. 

Ho har vunne den gjevaste prisen av dei alle; ei forundringspakke frå Porten.no. Hurra, me gratulerer!

Dette er fasiten 

1. Kva heiter paret frå Sogn som fikk hytta si pussa opp i TV programmet "Eventyrlig Oppussing"? 

Benedicte Elisabeth Stedje og Jon Olav Stedje fekk hytta si totalrenovert.

Les saka her

2. Tidlegare i desember annonserte Porten.no at redaktør og dagleg leiar Synne Asheim Haga snart takkar for seg og begynnar i ny, spanande jobb. Kor mange år har Haga vore ein del av Porten-gjengen?

Synne Asheim Haga legg bak seg fire år i nettavisa.

Les saka her

3. Kva heiter sogningen som fekk Kringkastingsprisen 2020?

Journalist og redaktør Arve Uglum stakk av med Kringkastingsprisen 2020.

4. Kor lang og brei er den nye ferja som vart satt inn på ferjesambandet Fodnes - Mannheller i desember?

Den nye storferja er intet mindre enn 114 meter lang og 17 meter brei.  

Les saka her

5. Kva tre store energiselskap i regionen går no saman og vert til Sygnir AS?

Aurland Energiverk, Lærdal Energi og Sognekraft sler saman nettselskapa sine til Sygnir AS.

Les saka her

Til toppen