Sogn: Sundag publiserte Porten.no ti spørsmål om nyheitsbiletet dei siste to vekene, og Vivi-Ann Navdal Opheim svarte riktig på alle spørsmål. Ho vert derved vinnaren av den prestisjetunge nyheitsquizen, og vil få tilsendt ein Porten.no-kopp i posten.
Koronastengde skular, æresmedlemmar og gensar mot vindkraft
1. Luster Turlag har tilsett Rune Hilleren Dokken og Mette Grøsland som nytt vertskap på Tungestølen turisthytte.
2. Tidlegare ordførar i gamle Sogndal kommune, Jarle Aarvoll, tidlegare kinosjef Dagfinn Ruud Johansen og landbrukssjef Jens Øyrehagen prøvde seg som skodespelarar i musikkvideoen «Kjærleik».
3. Henrik Rønningen og Liv Moen er IL Jotun sine nye æresmedlemmar.
4. Wenche Midthun sin strikkegensar mot vindkraft heiter «Motvind».
5. Alle vidaregåande skular i Vestland vart stengde frå og med fredag 13. mars.
6. Aleksander Øren Heen er ny styreleiar i Vestlandsforsking
7. Det var Høyanger kommune som etablerte ein eigen «luftvegsklinikk» ved NAV-bygget.
8. Tobias Molland frå Luster har 4000 abonnentar på Youtube.
9. Oddstein Haugen har vore banksjef i Luster sparebank i 15 år.
10. Arbeidsgruppa til Lerum Cup i skyting håpar å kunna arrangera skyttarstemnet helga 6. til 9. august.