Onsdag før påske la me ut ein påskequiz lesarane kunne få bryna seg på.
Les også: Påskequiz: Har du god lokalkunnskap?
Her er fasiten:
Årdal:
1. Politikk: Kva politikarar bad Aleksander Øren Heen (Sp) kommunestyret vurdera habiliteten til då saka om budsjettet og rekneskapen til Årdal Utvikling var oppe i siste kommunestyremøte før påske?
Svar: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), Kurt Jevnaker (V) og Arild Ingar Lægreid (Ap)
2. Næringsliv: Kva arkitektkontor har teikna eit framlegg til korleis eit nytt utsynspunkt på toppen av Vettisfossen kan sjå ut med bålplass, minimuseum og svalgang?
Svar: Vardehaugen
3. Kultur: Kva artist under årets Målrock slo gjennom med hiten "Ring meg"?
Svar: Gabrielle
4. Natur: Kven var først på den høgaste toppen i Årdal kommune?
Svar: William Cecil Slingsby
5. Sport: Kor mange poeng enda årdalsdamene opp med i si avdeling i 4. divisjon i den nyleg tilbakelagte handballsesongen?
Svar: 26 poeng
Sogndal:
1. Politikk: Kva entreprenør krev Sogndal kommune for ein større sum fordi entreprenøren og kommunen ikkje blir einige om prisen på det ferdige arbeidet denne entreprenøren har gjort med Fjordstien?
Svar: Contexo
2. Næringsliv: Kva heiter sogndølen som var med på å starta opp firmaet Amok Equipments - eit firma som satsar stort på friluftshengekøyer?
Svar: Steinar Bukve Witsø
3. Kultur: Kven stakk av med Luttprisen 2016?
Svar: Eva Weel Skram
4. Natur: Sogndalsfirmaet SGNskis utviklar topptur- og offpisteski. Den eine skimodellen deira er kalla opp att etter ein kjend fjelltopp i Sogndalsdalen. Kva heiter toppen (og skimodellen)?
Svar: Togga
5. Sport: Kven er etter tre serierundar toppscorar for Sogndal?
Svar: Bendik Bye
Lærdal:
1. Politikk: Kva heiter gruppeleiaren i Lærdal senterparti?
Svar: Gro Starheimsæther
2. Næringsliv: Det har vore mykje tale om pelletsfabrikken SIMAS vil byggja i Lærdal. Hallvard Thomassen er dagleg leiar i både SIMAS Næring og morselskapet SIMAS IKS. Men kven er styreleiar i sistnemnde?
Svar: Jøril Hovland
3. Kultur: Jordeplerock har eit lite jubileum i år. Kor mange år har festivalen eksistert?
Svar: Fem år
4. Natur: Kva er den nest høgaste fjelltoppen i Lærdal kommune?
Svar: Store Hånosi, 1836 moh. (Høgeloft, 1920 moh. er høgst)
5. Sport: I kva idrett tok Erik Trulssen NM-gull palmehelga?
Svar: Handbak
Aurland:
1. Politikk: Kva heiter varaordføraren i Aurland?
Svar: Leiv Jarle Bergheim
2. Næringsliv: Kva heiter nettverket beståande av kvinnelege leiarar innanfor reiselivet i Aurland?
Svar: Embla
3. Kultur: Tre artistar/band står på scena på bryggja i Undredal 15. juli? Kva heiter den av desse artistane som kjem frå Sogn og Fjordane?
Svar: Sigrid Moldestad
4. Natur: Denne fjelltoppen er det både tale om å laga ei gondolbane til, og ein tur på denne toppen ligg inne som eitt av elementa i "verdas finaste fottur" kåra av The Telegraph i februar. Kva heiter fjelltoppen?
Svar: Prest
5. Sport: Kva heiter boksaren som tok med seg ein sølvmedalje heim til Aurland frå boksestevnet "King of the ring" i Sverige rett før jul?
Svar: Oskar Stigen Sørensen
Vinnaren blir offentleggjort i første podkast me spelar inn og legg ut no etter påske. Me kan avsløra at det blir loddtrekning. Følg med!