KOLONNEKØYRING: Frå søndag vert det kolonnekøyring i Gudvangatunnelen kvar heile time og i Fretheimstunnelen kvar halve klokketime. Foto: Google Maps.
KOLONNEKØYRING: Frå søndag vert det kolonnekøyring i Gudvangatunnelen kvar heile time og i Fretheimstunnelen kvar halve klokketime. Foto: Google Maps.

Faste kolonnetider i tunnelar i Aurland

Frå søndag vert det kolonnekøyring i Gudvangatunnelen kvar heile time og i Fretheimstunnelen kvar halve klokketime. 

Aurland: Tunnelane i Aurland får seg ei skikkeleg overhaling for tida og har vore stengt i lengre periodar på kvelds- og nattestid på grunn av arbeid.

Frå søndag vert trafikken leia gjennom med følgebil ein gong i timen. Natt til søndag er det fri ferdsle på strekninga, melder Statens vegvesen. 

Kolonnetidene i Gudvangatunnelen

21:00,22:00,23:00, stengt 23:00-02:00,02:00, 03:00,04:00, 05:00. Fri ferdsel frå 06:00.

Kolonnetidene i Fretheimstunnelen

20:30,21:30,22:30,23:30,00:30, 01:30, 02:30, 03:30,04:30, 05:30. Fri ferdsel frå 06:00.

Til toppen