INFLUENSA: Det kan bli ei feberheit jul for mange nordmenn i år. Ein kald klut på panna og kosedyr kan kanskje vera med å gjera livet litt lettare for barn som har blitt sjuke. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix / NPK.
INFLUENSA: Det kan bli ei feberheit jul for mange nordmenn i år. Ein kald klut på panna og kosedyr kan kanskje vera med å gjera livet litt lettare for barn som har blitt sjuke. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix / NPK.

Feber og hoste trugar jule- og nyttårsfeiringa

Det kan bli ei snørrete og feberheit jul for mange nordmenn i år. Influensaen har kome tidlegare enn vanleg, og Folkehelseinstituttet (FHI) ventar ein sjukdomstopp rundt jul og nyttår.

Sør-Noreg ligg førebels øvst på statistikken, og Oslo, Akershus og Vestfold har flest personar med feber, muskelsmerte, hovudverk og rennande nase.

Tidleg utbrot

– Talet på influensatilfelle er no allereie på nivå med toppen vi hadde i fjor, og er høgare enn vanleg for årstida, heiter det på nettsidene til  FHI.

Det er uvanleg med så mange tilfelle allereie i desember, men no ventar altså FHI ein topp rundt den kommande høgtida.

Så langt i haust har 3.000 nordmenn fått påvist influensa. Berre den siste veka blei 185 personar innlagt på sjukehus med influensa, viser oversikta for veke 50.

På landsbasis er influensaaktiviteten framleis låg, ifølgje FHI.

Eldre og småbarn

Det er flest eldre som blir lagt inn på sjukehus. Deretter følgjer små barn i alderen 0–4 år.

Dei fleste får påvist influensa A (H3N2). Det er også denne influensatypen som så langt pregar sesongen 2016/17. Elles i verda er det også influensa A (H3N2)-virus som dominerer.

FHI minner om at det ikkje er for seint å vaksinera seg, men strekar under at det tek cirka to veker frå vaksinen blir sett til han vernar mot smitte. Difor hastar det no, lyder tilrådinga.

(©NPK)

Til toppen