SPORTY: Trass regnvêret stilte modellane sporty opp og viste fram haustens kleskolleksjonar til butikkane i Lærdal. Foto: Anne Karin Skjær.
SPORTY: Trass regnvêret stilte modellane sporty opp og viste fram haustens kleskolleksjonar til butikkane i Lærdal. Foto: Anne Karin Skjær.

Feiande flott moteoppvisning i Lærdal

Det er ingen tvil om at klesbutikkane i Lærdal har mykje flott å by på frå haustens kolleksjon.

  • Endret

Laurdag fekk publikum presentert haustens motar frå butikkane i Lærdal.

Ein treng ikkje å reise langt for å finne noko lekkert å ta på seg når hausten og kulda set inn.

Dei tre klesbutikkane i Lærdal hadde antrekk for dei fleste anledningar til både mann og kvinne.

Sporstbui hadde i tillegg jaktantrekk og tilbehøyr for dei som tek turen til fjells i desse dagar, medan TittenTei og Vivendi har eit rikhaldig utval i ulike antrekk.

Under moteframsyninga synte lokale modellar fram ulike antrekk, alt frå sportsklede til finkjolar og regnklede. Det sistnemnte var svært aktuelt, for regnet var det ikkje så mykje å få gjort med.

Det gav likevel sin sjarm då modellane sporty stilte opp med paraplyar under "carwalken".

Handle lokalt

Konfransier Astrid Trulssen presenterte dei ulike antrekka og oppfordra samtidig folk om å handle lokalt. 

– Det er mykje fint i butikkane i Lærdal, og det er viktig å støtte opp under den lokale handelen, sa ho. 

Trulssen håpa at mange no ville få augene opp for kor mykje butikkane har å by på, og gjerne tek ein tur innom.

Til toppen