VERTSKAP: Malene, Lilja, og Anne Merethe Kvalsøren.
VERTSKAP: Malene, Lilja, og Anne Merethe Kvalsøren. (Foto: Linda Watten)

Feigesagi Kafé har full parkeringsplass kvar dag: – Overveldande

Det seier Anne Merethe Kvalsøren på Feigesagi Kafé i Feiga på sørsida av Lustrafjorden.

Luster: – I år var me veldig spente, og tenkte fyrst på om det i det heile teke var vits å opna for sesongen.

For fem år sidan kjøpte Kvalsøren og familien den gamle garden i Feiga på sørsida i Luster. For to år sidan starta dei opp det dei kalla eit prøveprosjekt i det gamle sagbruket på garden.

DAGLEG LEIAR: Anne Merethe Kvalsøren. Foto: Linda Watten

– Me tenkte fyrst at me kom til å mista masse frå turismen av nederlendarar og tyskarar som går til Feigefossen, men i fjor la me merke til at det er mange lokale som òg kjem. Difor tenkte me at me måtte opna i år òg.

Folk set pris på tilbodet ved fjorden

Og det angrar ho ikkje på at dei gjorde.

– Det er heilt overveldande, og det er full parkeringsplass kvar dag. Det er mange folk innom, både syklande, gåande, og med bil og båt. 

Feigesagi ligg heilt nede ved Lustrafjorden under æreverdige Feigefossen. Serveringa er enkel, men i tillegg til koseleg atmosfære og flott utsikt er det noko mange set pris på. 

FEIGESAGI: Det som tidlegare var eit sagbruk er i dag blitt til Feigesagi Kafé. Foto: Linda Watten

– Me serverer vaffel, kaffi, is, og litt anna. I tillegg har me skjenkeløyve, og har prøvd oss på eit par pubkveldar. 

Akkurat no er det begrensa kva dei får til av pubkveldar med tanke på korona og plassmangel, men Kvalsøren fortel at mange set pris på skjenkeløyvet i Feigesagi. 

– Vaffel og kvitvin liksom, det er visst ein ting, seier ho og ler. 

Vil gjerne utvikla tilbodet i framtida 

Til vanleg er det Kvalsøren og mor hennar som har ansvaret for drifta av kaféen, men denne dagen har ho leigd inn ekstra forsterkingar. 

– I dag måtte eg leiga inn jenta mi Malene, og niesa mi Lilja. 

Til dagleg har ho nok å halda fingrane i, men vil gjerne halda fram med drift av Feigesagi så lenge som mogleg. 

– Eg er styrar i Gaupne Barnehage, leiar i fotballgruppa, og har fire ungar som skal følgast opp så eg må finna den balansegangen som fungerer. Men me får jo så mange positive tilbakemeldingar på kafeen så det er klart me har lyst å få det meir til når det er så kjekt å driva på, avsluttar Kvalsøren. 

Til toppen