IKKJE START: Ikkje start motoren dersom du oppdagar at du har fylt feil drivstoff på bilen din. I verste fall kan du skade innsprøytingssystemet i motoren alvorleg, seier Kent Drolsum på Rommen Bil. Foto: Berit Roald/ NTB scanpix.
IKKJE START: Ikkje start motoren dersom du oppdagar at du har fylt feil drivstoff på bilen din. I verste fall kan du skade innsprøytingssystemet i motoren alvorleg, seier Kent Drolsum på Rommen Bil. Foto: Berit Roald/ NTB scanpix.

Feilfylling kan koste dyrt

Årleg fyller over 15.000 nordmenn feil drivstoff på bilen sin. Viss du fyller bensin på dieseltanken kan skadane bli svært alvorlege.

– Det er faktisk litt merkeleg at det er så lett å fylle bensin på ein dieselbil. Om det hadde vore andre vegen hadde det vore betre, for det er når du får bensin på dieseltanken at problema oppstår, fortel dagleg leiar Kent Drolsum på Rommen Bil i Oslo.

For medan bensinbilane har ein tankstuss der fyllepistolen med diesel ikkje passar, er det ikkje slik for dieselbilane. Her kan ein enkelt fylle bensin på tanken om ein er litt uoppmerksam.

Alvorlege skadar

– Fyller du feil, og får bensin på dieselbilen, vil du øydeleggje store delar av drivstoffsystemet. Dette er finmekanikk som er avhengig av smørjinga frå dieselen for å virke. Bensin tørkar ut komponentane som havarerer, forklarer Drolsum.

Han åtvarar om at det kan bli svært kostbart å suse av garde med bensin på dieseltanken.

– Kva det kostar å byte desse delane varierer sjølvsagt frå bil til bil og kor alvorleg skaden er. Må ein byte injektorar og drivstoffpumpe vil eg tru at rekninga fort hamnar på ein stad mellom 50.000 og 100.000 kroner, seier han.

Ikkje start motoren

Rådet frå bileksperten er krystallklart. Har du fylt bensin på dieselbilen din, må du ikkje starte motoren.

Artikkelen held fram under biletet.

GODT MERKT: Er du usikker på kva drivstoff bilen din brukar, er det godt merkt på tanklokket.
GODT MERKT: Er du usikker på kva drivstoff bilen din brukar, er det godt merkt på tanklokket.

– Skadane kan oppstå nesten umiddelbart, og derfor må du få bilen på verksstad før du startar motoren. Dytt bilen vekk frå pumpa og tilkall hjelp, råder Drolsum.

Han anslår at det vil koste ein stad mellom tre og fem tusen kroner å reinse drivstoffsystemet om du har fått bensin på tanken.

Mindre fare med bensin på tanken

Like farleg er det ikkje å få diesel på bensinbilen, men også her anbefaler Drolsum at du tar kontakt med ein verksstad slik at du får reinsa systemet.

– Fyller du diesel på bensinbilen er det ikkje like stor fare på ferde som om du skulle få bensin på dieseltanken. Antakeleg vil du oppleve at bilen fuskar og kanskje stoppar, men det er ikkje fare for alvorlege motorskadar fordi dieselen smørjer, seier Drolsum.

Sjekk forsikringa

I mange tilfelle kan det lønne seg å ta ein telefon til forsikringsselskapet om du fyller feil drivstoff på tanken. Fleire av selskapa har dekning for feilfylling. Hos IF og Gjensidige er du dekt om bilen har kasko eller superkasko, medan ei slik dekning vert selt som ein tilleggspakke frå Vardia Forsikring.

Artikkelen held fram under biletet.

BLOKKERER: Det finst eigne tanklokk som gjer det umogleg å fylle bensin på dieseltanken i bilen din.
BLOKKERER: Det finst eigne tanklokk som gjer det umogleg å fylle bensin på dieseltanken i bilen din.

– Eit anna godt tips er å sjå kva som står inne i tanklokket på bilen. Der står det kva for eit drivstoff bilen skal ha, avsluttar Drolsum. I tillegg er pumpene på bensinstasjonane godt merkte. Grøn pistol er alltid bensin, medan svart fyllepistol er diesel.

Blokkerer

Ei annan løysing er å montere eit spesielt tanklokk som heilt hindrar faren for feilfylling. Dei er konstruert slik at dei blokkerer holet dersom du prøver å stikke inn ein fyllepistol med bensin. Lokket opnar seg berre når fyllestussen har same diameter som pistolen som leverer diesel. Dermed eliminerer ein all fare for å fylle bensin på dieselbilen. (©NPK)

Til toppen