Feira 20-åringen på skikkeleg vis

Ungane var kanskje ikkje like sikre på akkurat kor lenge 20 år er, men dei var i alle fall klare for å feire bursdagen til Haugane barnehage. 

KJEKT: Arild Ingar Lægreid (Ap), ordførar i Årdal legg ikkje skjul på at slike feiringar er kjekke dagar på jobb.
KJEKT: Arild Ingar Lægreid (Ap), ordførar i Årdal legg ikkje skjul på at slike feiringar er kjekke dagar på jobb.

Årdal: Måndag var både Haugane barnehage og dei 33 ungane som går i barnehagen, pynta til fest med både glitrande kjolar, skjorte og slips.

Både tidlegare tilsette i barnehagen, ordførar Arild Ingar Lægreid og rådmann Olve Fossdal var også invitert til å ta del av feiringa. 

– Eg fekk jo så fin innbyding, som sikkert nokon av de har teikna på, då måtte eg jo verre koma, seier ordførar Arild Ingar Lægreid, som også hadde med seg eit gåvekort til barnehagen frå kommunen. 

Underholdning og sjokoladeskjegg

Ungane stod også for underholdninga med songar frå Karius og Baktus og framføring av BlimE-dansen, som dei har øva på då dei har hatt vennskap som tema i barnehagen. 

Så stod både pølser og kaker på menyen, før det var klart for bursdagssong og gåver. 

KJEKKAST Å LEIKE: Brage (5) (f.v), Jonas (5) og Sigve (4) har klar tale. Det er kjekkast å leike i barnehagen. Og sjølv om to av dei snart er klare for skulen, tykkjer dei ikkje det er trist å ikkje lenger skulle gå i barnehagen.

– Me har ungar som trivst i barnehagen og foreldre som seier det same. Då er me nøgde. Gratulerer med dagen, seier Kirsti Eklund, styrar i Haugane barnehage. 

– Kanskje eg skal ta med meg denne gåva for å opne den på kontoret, fortset ho. 

Det var ikkje ungane heilt einig i, så Henrik hjelpte til for å opne pakka.

FEKK HJELP: Kirsti Eklund, styrar i Haugane barnehage, fekk rask og effektiv hjelp av Henrik for å opne pakka frå foreldreutvalet.
FEKK HJELP: Kirsti Eklund, styrar i Haugane barnehage, fekk rask og effektiv hjelp av Henrik for å opne pakka frå foreldreutvalet.

– Viktig at ungane får vera med å feire

Eklund, har vore med sidan opninga av barnehagen i 1995, og er ein av fem tilsette som framleis jobbar i barnehagen. 

Eklund tykkjer det er viktig å markere ein dag som dette og at ungane får vera med på feiringa. 

– Me feirer jo bursdagane til både store og små, då kjennest det også naturleg å feire bursdagen til barnehagen, seier Eklund. 

BESØK: Karin Holsæter var ein av dei tidlegare tilsette som tok del i 20-års feiringa.
BESØK: Karin Holsæter var ein av dei tidlegare tilsette som tok del i 20-års feiringa.

Karin Holsæter var med som tilsett i barnehagen frå starten, men i 2010 starta ho å jobbe på skulefritidsordninga på Farnes skule. Måndag nytta ho likevel sjansen for å vera med på feiringa. 

– Det kjennest ut som få år sidan barnehagen vart starta opp. Det ser ut som det har gjort her, med nokre små endringar, seier Holsæter. 

Sjå også biletgalleriet øvst i saka. 

Til toppen