TILBAKE: Odd vende tilbake med bandet sitt etter 11 år sidan forrige opptreden. FOTO: Morten Hestetun Flugheim
TILBAKE: Odd vende tilbake med bandet sitt etter 11 år sidan forrige opptreden. FOTO: Morten Hestetun Flugheim

Feira 45-årsdagen på scena

Laurdag kveld opptrådde Odd for fyrste gong på elleve år med bandet sitt og sine eigne songar.

Årdal: Årdølen Odd Einar Nordheim, under artistnavnet OdD, kom heim til Årdal i samband med relanseringa av plata "Not All Birds Fly With Ease" denne helga. Til høvet samla Odd det gamle bandet sitt, som ikkje har spelt saman på elleve år. Konserten til Odd braka laus på Bakeriet i Øvre Årdal. 

For tida driv Odd å turnerar med eit Prince-prosjekt på Austlandet, men såg veldig fram til å spela på heimstaden sin igjen. Porten.no tok turen til Bakeriet, og slo av ein prat med artisten:

– Kvelden var over all forventning, ein kan ikkje forvente at det er på det høgaste når det er snakk om elleve år sidan forrige opptreden med mine eigne verk. Men det veldig rørande at så mange kan låtane og syng med, i og med at det er så mange år sidan plata kom ut, fortel Odd.

– Korleis er det å feira bursdagen sin på scena?

– Det er overraskande hyggjeleg! Kanskje dette skal bli ein ny tradisjon seier han med eit lite smil om munnen.

– Det er jo mykje lettare enn å organisera ein fest, fortel artisten.

Les også: OdD inviterer til reunionkonsert på sin eigen bursdag

Tok med dottera på scena

Saman med foreldra Odd og Frid, stod det 14 år gamle talentet Embla på scena. Dei framførte sangen "Fix You" av Coldplay. Som avslutning på kvelden, tok Frode Aga turen heilt frå Oslo for å bli med på ein siste song, som var «Monster». Songen vart framført av Odd, Frode og Frid.

Artikkelen held fram under bilete.

TALENT: Dottera til Odd synte til Årdalspublikumet at ho har eit stort talent.
TALENT: Dottera til Odd synte til Årdalspublikumet at ho har eit stort talent.

God stemning

FANTASTISK: Sondre Skoglund og Lasse Hillestad Aannevik hadde ei fantastisk oppleving under konserten.
FANTASTISK: Sondre Skoglund og Lasse Hillestad Aannevik hadde ei fantastisk oppleving under konserten.

Det var god stemning på Bakeriet laurdag kveld. Folk var med og song og lagde liv. To av tilskodarane denne kvelden var Lasse Hillestad Aannevik og Sondre Skoglund:

– Han hadde ei enorm songstemme. Sjølv har eg aldri høyrt han sunge før, men etter denna kvelden, trur eg at han har fått seg eit par fans ekstra, seier Lasse.

Til toppen