Årdal: To dagar i veka med trim både ute og inne gjennom 25 år, er grunn nok til å feire. Men ikkje nok med det. Årdal Mosjonskule er den einaste som er att, etter fire kommunar i fylket drog i gang folkehelseprosjektet med mosjonsskular i 1991.
– Me er stolte av at me har greidd å halda det gåande, seier Agnar Kvam, leiar i Årdal Mosjonsskule, som er ein av dei som har vore med frå starten.
Artikkelen held fram under biletet

– Sosialt og kjekt å koma seg ut
Svein Fretland, som også blir kalla statistikken, har halde oversikt over frammøte på kvar og ein av medlemane sidan 1991.
I dag er det 42 personar som er med på trimmen, som held til på Farnes skule månadag og onsdagar. Mosjonsskulen startar med ein tur ute for å varme opp, så styrkeøvingar og trening inne i lag med instruktørar. Og sjølv om dei fleste er over pensjonistalder, er det også kome til fleire yngre dei seinare åra. Likevel ønskjer dei absolutt å få med seg fleire karar, då det er damene som er flinkast til å gi seg med.
Artikkelen held fram under biletet

Kvam er sjølve med fordi det er kjekt og sosialt, i tillegg til at han kjem seg ut to gongar i veka. Også Fretland er klar på at det sosiale er viktig. I tillegg er dei bevisste på helsegevinsten treningane gir.
– Korleis trur du me hadde sett ut om me ikkje hadde vore med, seier Fretland lurt.
Bakgrunnen for at han har vore med heile vegen er rett og slett at han ikkje ville gi seg, sjølv om ikkje kommunen alltid har spelt på lag med gruppa.
Ser ikkje bort frå 25 år til
Anny Øvstetun Tungen og Astrid Kvam sit rundt eit festpynta bord under markeringa sist onsdag.
– Det har vore ein fin periode. Både samhaldet og det å koma seg ut for å trimma, har gjort at me har likt oss godt, seier Anny.
– Blir det 25 år til?
– Å ja, så lenge helsa held, seier ho medan ho humrar.
Artikkelen held fram under biletet

Har vore opp- og nedturar
Men Kvam legg ikkje skjul på at det også har vore utfordringar i å halde mosjonsskulen gåande i så mange år.
– Utan Bjørg Størseth, Jan Haglund, Marit Bukve, Anne Bjørg Dalheim og Svein Fretland, hadde det ikkje vorte noko. Dei stod i spissen for å få starta opp trimmen. Dei dekka reiseutgifter for å få utdanning på helgesamlingar i Førde, for å få mosjonsskulen opp på beina i Årdal, fortel han.
Tilbodet vart godt motteke av folk, og gruppa vaks på tre år frå 30 til 90 deltakarar på det meste. Med ei så stor gruppe var det ikkje like lett å finne hus og instruktørar til alle. I Årdalshallen, som skulen hadde som tilhaldsstad fram til 1997, måtte dei til og med nytta styrkerommet. Men i 1997, då mosjonskulen ikkje fekk vera i Årdalshallen meir og for to år sidan, då gruppa plutseleg stod utan trenarar, var mosjonsskulen nær å bli lagt ned.
– For to år sidan tenkte eg at no er det slutt. Men me fekk gruppa opp å gå att, då Jane Haglund og Bjørg Størset melde seg som instruktørar. No virkar det som talet på mosjonistar er på veg oppover att, seier Kvam.
Artikkelen held fram under biletet

Gruppa har også større utgifter enn treningskontingenten dekkar, som stort sett er finansiert av dugnad.
– Om ikkje Fretland hadde vore så flink til å få til dugnad, hadde me nok måtte auka kontingenten, fortel Kvam.
På vegner av kommunen var varaordførar Sandra Opheim tilstades for å gi ei påskjøning til det spreke formålet, som Kvam informerte at skal gå til utstyr til treningane.
– Dette er eit populært og godt nytta tilbod, som gjer godt for både fysisk og psykisk helse. Folk kjenner kvarandre og det er god å ha nokon som saknar seg på trening, seier Opheim.
I biletgalleriet øvst i saka finn du bilete av mosjonistar som vart markert denne kvelden, for å ha vore med i 5, 10, 20 og 25 år.