FEIRA: I dag, onsdag, feira involverte aktørar med kake at naudnettet no kan utnyttast mykje betre gjennom full digitalisering av telefonsystemet ved Sogn lokalmedisinske senter. Sitjande på høgre sida av bordet: Instruktør Marianne Øren (f.h), Bjørn Jarle Wiger, prosjektleiar for naudnett i Helsedirektoratet og Øyvind Dahle, lokal prosjektleiar i Helse Førde. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Feira full integrering av naudnettet

Sjølv om naudnettet har vore oppe og i bruk ei stund er det først i dag at systemet kan nyttast fullt ut av helsepersonell - det vart feira på Sogn lokalmedisinske senter.

– No kan eg kopla saman til dømes ein ambulanse med ein radio som går på naudnettet med vanlege mobiltelefonar eller fasttelefonar. At det blir så mykje enklare å samhandla på tvers er det nye, seier Marianne Øren.

Ho har vore instruktør for femten sluttbrukarar av det nye systemet på legevaktsentralen i Lærdal. Fram til no har berre radioane som er på naudnettet kunne kommunisera, men med den nye sentralen kan ein kopla saman radioar med telefonar.

– Alle mastene som ber informasjonen kom på plass i 2015, men systemet for å handsama sjølve infoen som gå gjennom nettet har ikkje vore ferdigstilt for helse før no. Ulike kjelder kan koplast saman i ei talegruppe, fortel Bjørn Jarle Wiger, som prosjektleiar for naudnett i Helsedirektoratet.

Same system alle stader

Sjølve hjartet i systemet er eit kontrollrom på legevaktsentralen ved Sogn lokalmedisinske senter. Her kan personellet sitja og kopla saman ulike kjelder til konferansar, til dømes lege pasient og AMK.

–  Folk flest skal ikkje merka all verda, men det blir sikrare for publikum, forklarar Øren. 

Artikkelen held fram under biletet

KONTROLLROMMET: Dette er hjartet i det nye systemet der Marianne Øren og anna personell med nokre tastetrykk kan kopla saman radioar som går på naudnettet med vanlege telefonar i ein og same samtale.
KONTROLLROMMET: Dette er hjartet i det nye systemet der Marianne Øren og anna personell med nokre tastetrykk kan kopla saman radioar som går på naudnettet med vanlege telefonar i ein og same samtale.

Eit anna føremon er at alle legevaktsentralane no har same system, noko som gjer at dei ulike sentralane til dømes kan overta for kvarandre.

– Ein må naturlegvis læra seg å bruka dette, og det blir som med ein smarttelefon - ein kan nytta den med basisfunksjonar som samtale og meldingar eller ein kan læra seg funksjonane som ligg i telefonen. Difor har det vorte lagt vekt på å gje god opplæring, seier Øren. 

– Ville ha halde oppe kommunikasjonen under lærdalsbrannen med naudnett

I tillegg er naudnettet eit robust system så ein er vesentleg betre rusta i krisesituasjonar gjennom felles kommunikasjonssystem for alle naudetatar.

– Til dømes under brannen i Lærdal ville ein ganske sikkert ha klart å halda vesentleg betre kommunikasjon om ein hadde dette systemet. Tillegg er det bygd der folk er og ein har kontakt på stader det ikkje er mobildekning, seier Wiger.

Naudnettet er ikkje bygd ut i alle tunnellar - kvar det er bygd ut og ikkje kjem an på slikt som trafikken i tunnelen. Men her finst det forsterkarar som gjer at ein kan koma på naudnettet også i tunnellar eller deler av tunnellar der det ikkje er utbygd - avhengig av kor lang tunnellen er.

– I ambulansane er det til dømes slike forsterkarar, forklarar Øren.

Ho strekar avslutningsvis under at ein skal ringja telefonnummer 116117 om ein skal nå legevaktsentralen.

Til toppen