NØGDE: Asle Moen, serviceleiar. (f.v.), Alf Roger Lereng, dagleg leiar og Morten Brandsdal, kundehandsamar, er godt nægde med at Peugeot 3008 vart "Årets bil 2017". Foto: Anders Jerving
NØGDE: Asle Moen, serviceleiar. (f.v.), Alf Roger Lereng, dagleg leiar og Morten Brandsdal, kundehandsamar, er godt nægde med at Peugeot 3008 vart "Årets bil 2017". Foto: Anders Jerving

Feira gjev pris med kake til kundane

Peugeot 3008 vart kåra til "Årets bil 2017", noko Indre Sogn Bil i Årdal markerte med marsipankake til kundane denne veka.

Årdal: - Dette er ei kåring 59 biljournalistar i heile Europa står bak, så den heng høgt, seier dagleg leiar Alf Roger Lereng i Indre Sogn Bil AS.

Torsdag 9. mars feira dei med marsipankake til kundane hjå Peugeot-forhandlaren i Årdal. Lereng trur kåringa av Peugeot 3008 som "Årets bil 2017" vil føra til større sal framover.

- Dette er tredje gong på seksten år at ein Peugeotmodell får denne prisen. Og det skaffar oss ein god del ekstra kundar. Sjølv tippar eg på seksten til sytten ekstra selde bilar i 2017 av denne modellen på grunn av kåringa, og rundt femti ekstra selde bilar dei komande tre åra.

Nøgd med salet i 2016

Også før kåringa har modellen gått unna.

KAKE. Indre Sogn bil feira prisen med kake til kundane.
KAKE. Indre Sogn bil feira prisen med kake til kundane.

- Me la inn i berekningane at me skulle selja 36 av denne bilen på eitt år, og no har det gått unna 24 sidan den kom her i november. Så det er veldig mykje.

Indre Sogn Bil AS ser i det heile tilbake på eit godt år i 2016; dei ligg på ein marknadsel på rundt 20 prosent i Sogn og 60 prosent i Årdal.

- Me er svært nøgde med salet i 2016, seier Lereng

Med ein god start på året i form av kåringa, pluss at han ventar godt sal av Peugeot 5008 når den snart kjem på marknaden, skulle det ikkje vera noko i vegen for at det går minst like bra i 2017.

 - 5008 er ein litt større bil, "storebroren" til 3008. Me har god tru på at den blir populær.

Til toppen