Sogndal: – Vi vil lage ein hyggeleg kveld for dei som av ulike grunnar ikkje har nokon å feire i lag med, seier soknediakon Gitte Torstad.
Viktig å kunne tilby noko
– Vi er ikkje ute etter ei spesiel målgruppe, seier Torstad. Dette er andre året Kyrkja i Sogndal arrangerer ei slik kveld for dei som ynskjer. Totalt møtte 20 personar opp på feiringa.
– Eg tenker og trur at det er mennesker som er åleine og av ulike grunnar ikkje nokon å feire i lag med. For oss er det viktig å kunne tilby noko óg til dei. Eg trur at det er mange som ikkje tør å vise at dei er åleine i juletida. Dei kan det vere vanskeleg å nå ut til, seier Torstad.
Tradisjonell julefeiring
Det var lagt opp til tradisjonell julefeiring med pinnekjøt, gang rundt juletre, julesongar, juleevangeliet, julegåver, godteri og kaker.
– Dei var ei vellykka kveld på alle måtar. Ein ting er å ha plass til alle, men så handlar det om å ha det kjekt i lag og det hadde vi.