Godt over 100 stykker møtte opp til jubileumsgudstenesta, og fleire prestar og ansatte som tidlegare har jobba der var invitert.
Godt over 100 stykker møtte opp til jubileumsgudstenesta, og fleire prestar og ansatte som tidlegare har jobba der var invitert. (Foto: privat)

Feira med gudsteneste 150 år etter vigsle

7.oktober.1869 vart kyrkja på Kyrkjebø vigsla, og nesten på dagen i år feira dei med gudsteneste.

Høyanger: I år fyller Kyrkjebø kyrkje 150 år og dette vil dei feira heile året. På sundag 6.oktober hadde dei jubileumsgudsteneste omtrent på dagen den var tatt i bruk for første gang.

– Tidlegare prestar og ansatte var invitert, og dei tok del i dei vanlege oppgåvene med gudstenesta som nattverd, tekstlesing og preik, seier kyrkjeverge Bjørnar Ottarstein.

Han fekk opplyst at det var 135 stykker som møtte til gudsteneste, både bygdefolk, varaordførar og skulesjef.

Skal gå tilbake i tid

Dei har hatt fleire arrangement gjennom året, blant anna historiekveld, salmekveld, og konsertar.

– Det blir litt spesielt mange hendingar i år for å gjere stas på jubileet, seier han. 

Vidare i året skal dei blant anna ha jazzgudstjeneste og orgelkonsert, men også i desember skal dei ha ei heilt spesiell gudsteneste.

– Då vert dei ei historisk gudsteneste. Me sette det tilbake slik det var den gang med gammal liturgi, seier Ottarstein som ser fram til det.

(Foto: privat)
(Foto: privat)
(Foto: privat)
(Foto: privat)
Til toppen