FEIRA: Ei handfull personar i tindemiljøet feira fredag 140-årsjubileumet for førstebestigninga av Store Skagastølstind. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FEIRA: Ei handfull personar i tindemiljøet feira fredag 140-årsjubileumet for førstebestigninga av Store Skagastølstind. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Feira Slingsby sin bragd

Med middag og føredrag på Utladalen naturhus feira Slingsbystiftinga engelskmannen som besteig Store Skagastølstind som førstemann for 140 år sidan.

Årdal: – "Eg var for ung og for dum". Slik forklarde Slingsby sjølv kvifor han gjorde noko så farleg som å gå opp på toppen åleine, fortel Michael Smith frå England over gryteretten som vert servert på Utladalen naturhus.

Som Porten fortalde fredag gjekk ei gruppe på seks på Store Skagastølstind – Noregs tredje høgaste fjell – for å markera at det var 140 år sidan William Cecil Slingsby gjorde førstebestigninga av toppen. Michael Smith er medlem av "Yorkshire Ramblers Club", som Slingsby var formann for i om lag ti år.

– Han var berre tjuesju år då han gjorde førstebestigninga. I ettertid sa han at han ikkje hadde turd om han var eldre, forklarar Smith.

Artikkelen held fram under biletet

YORKSHIRE: Michael Smith frå "Yorkshire Ramblers Club", som William Cecil Slingsby tilhøyrde, hadde ein kort introduksjon til det vidare føredraget.
YORKSHIRE: Michael Smith frå "Yorkshire Ramblers Club", som William Cecil Slingsby tilhøyrde, hadde ein kort introduksjon til det vidare føredraget.

I Slingsby sine fotefar

Slingsbystiftinga hadde invitert ei handfull gjester på middag i Utladalen dagen etter at gruppa var på jubileumsturen på Storen. I tillegg til Smith var Erling Eggum, drivar av Klingenberg hotell, med på turen. Han og tre andre gjekk ruta frå Turtagrø gjennom Skagastølsdalen, medan Smith var ein av to som følgde i Slingsby sine fotefar.

– Tysdag gjekk me til hytta i Stølsmaradalen og overnatta der. Då regna det heile dagen. Onsdag tok me oss over i Midtmaradalen og vidare til hytta på bandet. Vêret var nydeleg, og desse formasjonane med den grøne dalen, svarte, lodrette fjellveggar og spisse tindar under blå himmel – ja, de er utruleg heldige som bur i dette området.

Etter natta i hytta på bandet var det altså klart for sjølve toppstøytet torsdag saman med Eggum og dei tre andre som kom frå Tindeklubbhytta. Smith hadde eigentleg lyst til å gå Slingsbybreen, som Slingsby gjorde i 1876. Men breen er vorte vesentleg skumlare på 140 år med sprekker som har opna seg meir og meir ettersom breen har krympa. Difor gjekk dei ruta om Andrew`s renne.

– No kom det tåke på toppen, men likevel var dette min lukkelegaste dag til fjells nokon gong, seier Smith.

Seks førstebestigningar på seks dagar

Etter middagen samla gjestene seg på benker med reinsskinn inne i utstillingsavdelinga på Naturhuset. Her heldt Johan Kofstad frå Slingsbystiftinga føredrag om turen i 1876.

– Eg var så heldig å få vera med på hundreårsjubileumet i 1976 på Turtagrø, der mellom andre yngste dottera til William Cecil, Eleanor, var til stades. Ho overrekte då nokre steinar som faren hadde teke med frå førstebestigningane av Storen og Gjertvasstind, fortel Kofstad.

– Og dei ligg i glassmonteret der borte, påpeikte Petter Løvdahl, dagleg leiar for Utladalen Naturhus og Slingsbystiftinga.

Kofstad fortalde vidare om den imponerande runden Slingsbyog laget hans hadde julidagane i 1876. Han og Emanuel Mohn reiste frå Christiania til bonden Knut Lykken i Øystre Slidre. Derifrå tok dei seg opp til Bygdin. Så måtte Lykken heimatt ein tur og ordna skoa sine som var vortne øydelagde, medan dei to andre gjekk på ulike toppar i området.

Dagane før dei skulle prøva seg på Storen gjorde dei følgjande førstebestigningar:

  • 16.juli: Torfinnstind (Øystre)
  • 17.juli: Galdebergtinden
  • 18.juli: Kviledag på Tvindehaugen ved Tyin
  • 19.juli: Uranostind og Nordre Uranostind (Slingsby gjekk på denne åleine, og den har for ettertida fått nettopp namnet "Slingsbytinden")
  • 20.juli: Gjertvasstind

Artikkelen held fram under biletet

FØREDRAG: Johan Kofstad fortalde inngåande om turen i 1876 og baserte mykje av føredraget på boka "Norwegian playground" av Slingsby sjølv.
FØREDRAG: Johan Kofstad fortalde inngåande om turen i 1876 og baserte mykje av føredraget på boka "Norwegian playground" av Slingsby sjølv.

Seterjentene kalla på kvega så dei tre skulle få morgonmjølka si

Etter turen på Gjertvasstind gjekk dei ned til Vormeli i Utladalen og overnatta der. 

– Slingsby skreiv i ettertid at karane vakna til dei syngande stemmene av dei klårøygde seterjentene Live og Oliva då dei kalla på kvega for at dei tre tindebestigarane skulle få sine rike porsjonar med morgonmjølk. Dei kom seg av garde klokka sju, noko Slingsby meinte var to timar for seint, fortel Kofstad.

Framføre seg hadde dei 1800 meter til toppen Slingsby hadde blinka seg ut alt fire år før - den var då rekna som ubestigeleg, noko engelskmannen berre vart trigga av. I tillegg sleit dei med å finna ei god rute over til Midtmaradalen, det førde til 400 høgdemeter ekstra. 2200 høgdemeter totalt, altså.

Etter å ha forsert Midtmaradalen tok dei seg opp breen, som seinare har gått under namnet Slingsbybreen. Då enda dei i eit skar mellom Vesle og Store Skagastølstind. Her var det slutt for dei to nordmennene - dei våga ikkje å gå lengre. Dermed tok Slingsby seg til topps åleine. Han var oppe klokka 1853.

Artikkelen held fram under biletet

GÅVER: David Durkan frå Bergans, som også har operert lenge som fjellførar, overrekte Michael Smith og Erling Eggum to gåver kvar. Her får Eggum ei flaske Slingsbyvin. Rett nok tom, men vinen fanst i få eksemplar så flaska i seg sjølv er eksklusiv.
GÅVER: David Durkan frå Bergans, som også har operert lenge som fjellførar, overrekte Michael Smith og Erling Eggum to gåver kvar. Her får Eggum ei flaske Slingsbyvin. Rett nok tom, men vinen fanst i få eksemplar så flaska i seg sjølv er eksklusiv.

Fekk lommetørklet i posten frå andremann på toppen

På toppunktet bygde han ein liten varde. Mellom steinane i varden klemde han lommetørklet sitt. Dette tok andremann på Storen to år etter, Harald Petersen, med seg ned att og sende til Slingsby i posten vedlagd eit brev som skildra turen.

– Returen for Slingsby og Mohn gjekk via Keisarpasset, Turtagrø og Fortun til Kroken, som var eit kulturelt sentrum for mange av dåtidas fremste målararar. Det er difor det er så mange måleri frå slutten av 1800-talet med motiv frå Sogn, fortel Kofstad.

Siste etappe gjekk over fjellet til Årdalstangen og Klingenberg att, truleg via Nundalen og med båt over Årdalsvatnet.

– Kva tenkjer du om bragden til Slingsby no når du har vore på Storen sjølv?

– Utruleg. Heilt utruleg, seier Michael Smith. 

Til toppen