30 ÅR: Den 2. juni 1985 hadde Valdresekspressen sin første avgang. Den feira Nils Solheim i Nettbuss Indre Sogn billag i dag, 30 år etter. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
30 ÅR: Den 2. juni 1985 hadde Valdresekspressen sin første avgang. Den feira Nils Solheim i Nettbuss Indre Sogn billag i dag, 30 år etter. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Feirar 30 år med ekspressbuss mellom aust og vest

Tysdag er det på dagen 30 år sidan Valdresekspressen hadde sin aller første avgang.

Gjennom eit breitt samarbeid mellom fleire busselskap blei Valdresekspressen til for 30 år sidan. Tysdag vart dette sjølvsagt feira på kontora til Nettbuss i Øvre Årdal. 

– Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom Årdal Billag, Valdresbussen og Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap (JVB). Det var jo John Normann Melheim som var disponent i den tiden og hadde ideen om å få til noko, fortel Nils Solheim i Nettbuss Sogn billag.

Krevjande prosess

KREVJANDE: Det var ikkje berre-berre å få på plass ein ekspressbuss som skulle gå mellom aust og vest, fortel Melheim.
KREVJANDE: Det var ikkje berre-berre å få på plass ein ekspressbuss som skulle gå mellom aust og vest, fortel Melheim.

I åra før 1985 studerte Melheim i Oslo, og på den tida måtte han bytta buss kanskje tre-fire gonger før han kom seg mellom hovudstaden og Årdal.

– Seinare, då eg vart disponent i 1983, gjekk eg vidare med den tanken og ideen. Det var ein utruleg krevjande prosess, fortel Melheim medan han sit på bussen, tru det eller ei.

– Det høyrest rett fram ut, men på den tida var det slik at det var fire ulike rutebilselskap, som var underlagt ulike fylkessamferdselssjefar, som igjen delte ut rutekonsesjonar når det galdt rettigheiter i sine fylke. Når dette skulle gjennom fem fylke, vart biletet veldig komplisert.

Dette kunne ikkje løysast lokalt, og difor måtte dette heile vegen inn på Stortinget, der dåverande samferdselsminister og god ven av Melheim, Kjell Borgen, var med og hjelpte til. 

Viktig for Årdal

30 år seinare er tilbodet framleis like populært, og passasjertalet ligg stabilt på 150 000 i året. 

– Denne ruta var og er kjempeviktig for årdalssamfunnet. Den gongen var det Oslo som var byen. Etter at tunneleg kom, har det blitt Bergen, men den gongen var det dit alle reiste på skule. No fekk ein sitja på ein og same buss heile vegen, samt at ein fekk løfta materiallstandarden på bussane, som vart heilt enorm i forhold til det han hadde vore, fortel Solheim.

Dette tilbodet kalla ein ekspressbuss var faktisk det første av sitt slag i landet. Valdresekspressen var dermed startskotet på det som seinare vart Nor-Way Bussekspress. 

Fire årstider

Solheim har sjølv køyrt ruta mange gonger, og han seier det er ei ganske så spesiell rute i og med at ein nærast går frå null til tusen meter over havet i laupet av turen.

– Det er ei veldig fin ruta som har både lokaltrafikk og langreisande. Ved enkelte tider av året køyrer ein gjennom fire årstider. 

Melheim er iallfall klar på kva han meiner.

– Eg er vekependlar i dag og er veldig, veldig lojal til Valdreekspressen. Det er den beste måten å pendla Årdal-Oslo på. 

Til toppen