FEIRAR 70 ÅR: Årdal Kjemiske Fagforening markerer 70-årsjubileet sitt under Målrock og bidreg til å lansere eit torsdagsprogram det luktar svidd av. Andreas Bakken og Bjørn Øvstetun er godt nøgde med programmet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FEIRAR 70 ÅR: Årdal Kjemiske Fagforening markerer 70-årsjubileet sitt under Målrock og bidreg til å lansere eit torsdagsprogram det luktar svidd av. Andreas Bakken og Bjørn Øvstetun er godt nøgde med programmet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Feirar 70 år med fullspekka torsdag under Målrock

I år er det 70 år sidan Årdal Kjemiske Fagforening såg dagens lys i 1947. Det har dei tenkt å markere med kanonmusikk torsdag under Målrock.

Årdal: – Me lyt takka Årdal Kjemiske Fagforening for at dei bidreg til at Målrock kan arrangere eit slikt torsdagsprogram, det vitnar om at Årdal ser på Målrock som ein kulturell arena ein verkeleg vil stø oppunder.

Det seier ein stolt og audmjuk festivalsjef Thomas Norheim Moen. Laurdag kan han saman med fagforeningen presentere programmet for torsdagen under Målrock. Hit kjem nemleg TNT, CC Cowboys, Verdsmannen Thorbjørnsen og Chris Thompson & Mads Eriksen band.

Med dette firekløveret ligg det an til ei 70-årsfeiring det luktar svidd av for Årdal Kjemiske Fagforeningen.

– Me vart litt inspirert av Indre Sogn Sparebank som henta Toto då dei fylte 100 år. Så me tenkte på korleis me kunne støtta Målrock og gjera noko som ville koma heile bygda til gode, samstundes som det letta arbeidet litt for oss, smiler Bjørn Øvstetun.

Nøgd med programmet

Tankane vart til eit samarbeid som dei no presenterer saman, der torsdagen under Målrock blir dagen til fagforeninga. Etter mykje arbeid der mange ting skal klaffa, kan dei no endeleg presentere torsdagsprogrammet.

– Det ser ut til å bli ein kjempedag. Dette er fire veldig bra band, der me får dekka litt av det gamle med Chris Thompson, som spelte i Manfred Mann's, og CC Cowboys veit me jo er bra. Når ein då får TNT og Verdsmannen på toppen, så blir det bra. Me er godt nøgde, seier Øvstetun.

Med sine 800 medlemmar er Årdal Kjemiske Fagforening den største foreninga i Hydro. Her jobbar dei med tradisjonelle saker der dei sørger for at tilsette får det dei har krav på, men dei er også ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet.

– Det er har vore ein god tradisjon at me bidreg med pengar til saker, som til dømes MR-maskina på Lærdal sjukehus, der me bidrog med 200.000 kroner, som er på nivå med det kommunane gav. I tillegg for Norsk Folkehjelp fast, og me plar gi rundt 80.000 kroner kvart år til lag og organisasjonar som spesielt rettar seg mot barn og unge, fortel Øvstetun.

Engasjerer seg politisk

I fjor brukte dei også pengar på å lyssette rallarmonumentet. Men også politisk engasjerer dei seg naturleg nok.

– Me driv med fagleg politisk arbeid med Arbeidarpartiet. Me engasjerte oss til dømes i saka om Lærdal sjukehus. Me har eit tett samarbeid med kommuneleiinga, der me til dømes engasjerer oss i saker knytt til utbygging på Hydro og bevaring av statlege arbeidsplassar, seier nestleiar Andreas Bakken.

– Me bidreg også med dei kontaktane me har inn mot LO. Det er jo fleire som jobbar på den måten no, men eg vil seie at her i Årdal var me ganske tidleg ute med dette arbeidet. 

Til toppen