FEMTI ÅR: Dei var kanskje noko meir fargesprakande for ein 30 års tid sidan, men sjølvsagt skulle ein ikkje tru det er heile femti år sidan Steinar Kvigne (f.v. på biletet til høgre), Ragnar Sanden og Kristen Olav Grøttebø starta opp Fox, som tre av fem orignale medlemmar i bandet. Fredag 7. juli står dei på scena att i Kvammegården under årets Kom Heimatt-arrangement. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FEMTI ÅR: Dei var kanskje noko meir fargesprakande for ein 30 års tid sidan, men sjølvsagt skulle ein ikkje tru det er heile femti år sidan Steinar Kvigne (f.v. på biletet til høgre), Ragnar Sanden og Kristen Olav Grøttebø starta opp Fox, som tre av fem orignale medlemmar i bandet. Fredag 7. juli står dei på scena att i Kvammegården under årets Kom Heimatt-arrangement. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Feirar femti år som Fox på Kom Heimatt

I 1967 fann fem unge, musikkinteresserte karar frå Lærdal i hop og spelte etter kvart opp til dans på ein realskulefest. Det vart den spede starten på eit femti år langt eventyr som skal feirast til gagns denne sumaren.

Lærdal: – Me hadde skuleuniformsbukser på dei første konsertane våre. Slike med striper, seier Ragnar Sanden

– Du må ikkje seia slikt; det høyrest jo ut som det er hundre år sidan, kjem det kjapt frå Steiunar Kvigne.

Nei, berre halvparten. 

– Og det skulle ein ikkje tru, kan du skriva, held Kvigne fram.

Måtte konfirmerast for å spela på Maristuen Hotell

Sanden, Kvigne og Gudmund Forthun var øyringar og kjende kvarandre frå før. På Ljøsne budde to andre musikkinteresserte karar som ofte spelte på gitar saman; Kristen Olav Grøttebø og Odd Reidar Lysne. 

Så fann dei i hop og byrja å øva i lag i ungdomshuset på Øyri. Det gav meirsmak og utpå hausten 1967 fekk dei i oppdrag å spela på realskulefesten på gamle Offerdal Hotell.

– Då balla det på seg, me spelte fleire gonger på ungdomshusa rundt om i bygda seinare i 1967. Året etter fekk me i oppdrag å spela heile påskehelga på Maristuen hotell. Eg og Ragnar var ikkje konfirmerte då, og at me var så unge skapte litt trøbbel. Så me reiste ned i bygda, stod for presten, og så reiste me oppatt på Maristova og spelte, meir minnest Kvigne.

– Ingenting beit på oss i dei dagar; me sykla for å øva i iskalde ungdomshus, fortel Grøttebø.

Artikkelen held fram under biletet

MIMRAR: Kvigne, Grøttebø og Sanden mimrar tilbake på femti år med Fox på lydstudioet i Kulturhuset på Lærdalsøyri.
MIMRAR: Kvigne, Grøttebø og Sanden mimrar tilbake på femti år med Fox på lydstudioet i Kulturhuset på Lærdalsøyri.

Dei hadde bakgrunn frå skulemusikken, men dette var ei tidsepoke då rock`n`roll frå USA og Storbritannia byrja å gjera sitt inntog. Den britiske radiokanalen «Radio Luxembourg» hadde sitt å seia for denne rockeinteressa; kanalen sende på populærmusikk mellombølgje, og i Lærdal fekk ein den berre inn etter at det var vorte mørkt. 

– Interessa for skulemusikk forsvann heilt på denne tida, det var berre rockemusikk som gjaldt. Nokre var ihuga Elvis-fans, andre heldt seg til Cliff Richard. Dei to gruppene av fans var rivande ueinige om kva som var best, nesten så det kom til slagsmål. Det same gjaldt eigentleg Beatles-fans på eine sida og Rolling Stones-fans på andre sida, seier Kvigne.

– Eg likte Stones, legg Sanden til

– Så var det mange norske grupper som omsette og spelte amerikansk country, fortel Grøttebø.

Fiskesener som gitarstrengar

Den eldre garden kunne styra seg for denne nye «bråkemusikken», og spesielt utfordrande kunne det nok vera for foreldre til dei som spelte sjølve. Mellom anna kopla Ragnar Sanden bassgitaren sin til radioen foreldra hans nyss hadde kjøpt og sprengde heile greia.

– Det var vanskeleg å få økonomi for oss unge karane til å kjøpa instrument, så det var mange påfunn; noko bygde me sjølve. Me hadde ikkje funne så mykje tid til å reisa rundt på gardane å jobba, eg og Steinar – men i denne tida veit du me jobba, fortel Sanden.

Fiskesener vart til gitarstrengar, eplekasser til slagverk og høgtalarar. Men så fekk dei også råd til å kjøpa instrument på postordre; Grøttebø bestilte seg ein Kawaigitar til 198 kroner, Sanden ein Höfner 58-bass og Kvigne eit trommesett beståande av skarptromme, basstromme, hi-hat og symbal til 600 kroner. 

Men dette namnet Fox, kvar kom no det frå?

– Ei gong me sat og øvde oppe på Ljøsne kom far til Odd Reidar, Ivar med ei kasse. Han dreiv med rev på denne tida, så det var ei kasse revemat det stod «Fox ltd.» på. Og då var namnet i boks, humrar Kvigne.

Artikkelen held fram under biletet

SHOW: Det blir mange bilete når eit band har rocka i femti år.
SHOW: Det blir mange bilete når eit band har rocka i femti år.

«Rockeshowet» såg dagens lys

«ltd.» gjekk dei etter kvart bort frå, så folk flest kjenner dei ganske enkelt som «Fox». Utover 70-talet heldt dei fram med spelinga på ungdomshus og hotell.

– Eg jobba i Oslo ein periode, men om helgane var det ofte heim for å spela, fortel Sanden.

– Dette var jo i anleggstida her i Lærdal, i tillegg jobba mykje folk her om somrane i samband med laksefisket. Så det var stappa med folk heile tida. Me spelte gjerne same reportoaret onsdag, fredagm og laurdag i ungdomshus, men stinn brakke var det alltid, fortel Kvigne.

– Det skjer eg treff att folk utanbygdsfrå som er her på somrane, og då hugsar dei desse ungdomshusfestane.

Rundt 1980 kom også dette i ei fast form gjennom det årvisse arrangementet «Rockeshowet».

– Veldig mange la opp feriane sine til rockeshowa, så alt som var kom heim. Såleis kan ein seia rockeshowa var ein forløpar til dagens Kom Heimatt-arrangement, fortel Kvigne.

– Gjennom bekjentskap fekk me fleire kjende musikarar hit, mellom andre Yngve Moe, som var bassist i «Dance with a stranger». Så det var gjerne samansette grupper av kjende musikarar som varma opp, og så kom Fox som hovudband på scena, humrar Grøttebø.

Artikkelen held fram under biletet

MYKJE AKTER: Det var mangt slag av kostymar og påfunn i glansdagane til Fox.
MYKJE AKTER: Det var mangt slag av kostymar og påfunn i glansdagane til Fox.

Gav ut CD i 1996

Dei første 30 åra gjekk det i all hovudsak i cover-låtar, men på midten av 90-talet byrja dei å skriva musikk sjølve. Det resulterte i CD-en «Fox i boks», som kom ut i 1996.  Noko var heilt sjølvkomponert, andre spor med melodi av musikarar som Bjørn Afzelius, Hank Williams jr. og Mikael Wiehe og sjølvskrivne tekstar.

– Me var særs nøgde med tittelen på CD-en, seier Kvigne.

På slutten av 90-talet vart også rockeshowa flytta opp på festplassen Staverekkja. Og då dei første utgåvane av dagens Kom Heimatt vart arrangerte i 2004 og 2005 var rockeshow med Fox på Stavarekkja klimakset under arrangementet.

Tilbake på Kom Heimatt – seks år etter

Sidan har Kom Heimatt-festen laurdag flytta litt rundt og vorte arrangert både på Lærdal Hotell og Grandane før det dei siste åra har hatt fast tilhald i Kvammegården.

Fox spelte i 2011, men elles har det vore rimeleg langt mellom konsertane dei siste åra. Andre helga i juli er så nær som heile originalbesetninga med nokre tilskot som har vore innom i løpet av desse femti åra klare med nytt Rockeshow under Kom Heimatt fredagskvelden – femti år etter Fox såg dagens lys, om lag 35 år etter dei arrangerte forløparen til Kom Heimatt og altså seks år etter sist opptreden under dagens versjon av arrangementet.

– Dette blir kjekt. Me satsar også på ein familiekonsert onsdagen før sjølve Kom Heimatt-helga – om det blir i Kulturhuset eller ungdomshuset på Øyri er ikkje heilt avklart, seier Grøttebø.

Til toppen