TIL LÆRDAL: I november kjem John Pål Inderberg og Subtrio til Lærdal kulturhus. Foto: Pressefoto.
TIL LÆRDAL: I november kjem John Pål Inderberg og Subtrio til Lærdal kulturhus. Foto: Pressefoto.

Feirer 15-årsjubileum med turné på Stamvegen

Bandet Subtrio kjem til Lærdal kulturhus i november. 

Lærdal: I år feirer Subtrio 15 år som band. Dei har heile tida jobba med melodiøs improvisasjonsmusikk.

Bassist Svein Folkvord og trommeslagar Stein Inge Brækhus gjer sitt ytste for å skape eit stødig fundament for saksofonist John Pål Inderberg, som i denne trioen for stort spelerom for sine evner som solist og improvisatør.

– For dei som ikkj ekjenner til Inderberg, kan det meldast at de har gått glipp av høgst sannsynleg konkerikets mest morosame musikant. Dessutan er han ein musikant i verdsklasse, er anmeldar Tor Hammerø sin dom i sin kritikk i Puls. 

Musikken er forankra i jazztradisjonen med hovudvekt på 50- og 60-talet. Bandet har gitt ut to album.

I november kjem trioen til Lærdal kulturhus. Konserten er ein del av Vestnorsk Jazzsenter si turnéordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordninga står for 40 konsertar i året fordelt på arrangørnettverk som strekker seg frå Vikeså i sør til Sandane i nord. 

Til toppen