70 ÅR: 15. januar 2017 er det 70 år sidan Øvre Årdal Janitsjarkorps vart stifta. Det vert feira med ein heilt spesiell gjesteartist på nyttårskonserten. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
70 ÅR: 15. januar 2017 er det 70 år sidan Øvre Årdal Janitsjarkorps vart stifta. Det vert feira med ein heilt spesiell gjesteartist på nyttårskonserten. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Feirer 70-årsjubileum med storfint besøk

Øvre Årdal Janitsjarkorps feirer 70 år med Frode Alnæs som gjest på nyttårskonserten.

Årdal: – Eit korps er som eit levande bål. Det er heilt utenkjeleg ikkje å ha det.

Orda tilhøyrer Helge Øren, som er dirigent for Øvre Årdal Janitsjarkorps. 15. januar neste har det levande bålet han snakkar om brent i 70 år. Det betyr at dei no går inn i ein heilt spesiell sesong.

– Det er spennande å gå inn i ein jubileumssesong. Det er litt ekstra stas fordi me prøver å lage forventningar til oss sjølve og publikum. I år slår me kanskje på to stortrommer, der Frode Alnæs skal gjeste nyttårskonserten. Der skal han vere gjesteartist og konferansier, held Øren fram.

KONFERANSIER: Frode Alnæs gjestar nyttårskonserten til Janitsjaren.
KONFERANSIER: Frode Alnæs gjestar nyttårskonserten til Janitsjaren.

Alnæs er ein norsk gitarist, vokalist og låtskrivar. Han var mellom anna med på å danne bandet Dance with a Stranger. 

Korps for alle

Det er med andre ord mykje å sjå fram til i ein elles travel sesong for korpset. For i tillegg til nyttårskonserten, skal dei sjølvsagt ha sine faste innslag og arrangere romjulsfest, men i år vert det også ein ekstra jubileumskonsert.

Korpset hadde si første øving denne veka og håpar både nye og gamle medlemmar vil finne vegen til øvingslokala att.

– Dette er definitivt for alle. Det er ein og annan låt me har å strekka oss etter, men i det store og heile er ikkje vanskelegheitsgraden allverda. Me er oppteken av at det skal høyrast bra ut, sjølvsagt, men det skal vera og er eit korps for alle, understrekar Øren. 

Rik historie

Korpset har, som så mange andre krops, hatt sine oppturar og nedturar på 70 år. Heilt frå den dyktige amatørmusikaren Odvin Hartveit byrja som første dirigent i korpset i 1947, har det gått i bølgjedalar. 70-årsjubilanten har mellom anna hatt fleire namn, som Farnes Musikklag, Øvre Årdal Musikklag og Fagforeningens Musikklag. Sistnemnde var faktisk namnet då styret i 1956 vurderte å leggje ned korpset.

Det blei heldigvis ikkje gjort, og i 1959 vart det lyst etter ny dirigent i fleire aviser, der den som tok dirigentpinnen også kunne få seg jobb på verket. 

Prøvesat stolane til kongeparet

Noverande dirigent, Helge Øren, fortel at høgdepunkta er mange, men er klar på at han ikkje vil setje desse opp mot kvarandre. Det er likevel eitt prosjekt som mange hugsar som stort.

Artikkelen held fram under biletet.

STOR OPPLEVING: I 2000 var 170 årdøler samla på same scene i Grieghallen då dei spelte opningskonserten på Kulturby Bergen. I publikum sat kongeparet og høyrte på.
STOR OPPLEVING: I 2000 var 170 årdøler samla på same scene i Grieghallen då dei spelte opningskonserten på Kulturby Bergen. I publikum sat kongeparet og høyrte på.

– I 2000 spelte me for kongen og dronninga då me hadde opningskonsert på Kulturby Bergen i Grieghallen. I mi tid i Janitsjaren vil eg påstå at denne konserten var stor, seier Jan Erik Øyre. 

– Det var då eg og Steinar Lægreid prøvesat stolane til kongen og dronninga. Me vart ikkje einige om kven av stolane som tilhøyrte kven, smiler han.

«Frå Chaplin til Elton John», som prosjektet heitte, var eit samarbeidsprosjekt mellom heile musiklivet i Årdal. 170 årdøler stod på scena. Dei hadde eigen båt, og dei fekk framføre prosjektet fleire plassar i landet, ja til og med i Bournemouh i England. 

Jobbar med rekruttering

Å samle på gode opplevingar, er noko korpset er flinke til, og som alltid, håpar dei at fleire unge vil ta del i desse opplevingane. Rekrutteringa til korps har også gått opp og ned gjennom åra. Etter ei lang stund utan skulekorps i bygda, er det endeleg stabla på fote att med 28 musikantar.

Artikkelen held fram under biletet.

STAMME: Korpset har ein solid stamme gjennom mange år, men ønskjer nye og gamle medlemmar hjarteleg velkomne til øvingane.
STAMME: Korpset har ein solid stamme gjennom mange år, men ønskjer nye og gamle medlemmar hjarteleg velkomne til øvingane.

– Dette er berre ei påstand frå mi side, men eg meiner problemet er å få dei unge til å halde fram etter skulekorpset og kome over til oss. Rekrutteringa stoppar opp der. Skulekorpset lever i beste velgåande, men me får ikkje til overgangen, seier Øren.

Difor jobbar dei no heilt konkret med å snakke med unge musikantar som er gamle nok til å spele i janitsjaren og få hospitere der. For kva hadde ei bygd vore utan eit korps?

– Det er klart det er viktig. Eg trur ikkje folk kan tenkja seg ei 1. mai eller 17. mai utan korpset i front. Det hadde vore snåte og gått med kasettspelar i front, seier Laila Ruud. 

Treng støtte

Og då er det vel så viktig å støtte opp elles i året også. Før i tida var tilskot, Årdalsmarknaden, kulturkveldar og ikkje minst bingo viktige inntektskjelder. I dag er romjulsfesten svært viktig. Det same er bidraga frå sponsorar.

– Takka vere Sparebanken Sogn og Fjordane har me klart å bytta ut instrumentparken på tre år. Vanlegvis ville det ha tatt ti år, legg Øren til før han refererer til korpset som eit levande bål.

– Det er viktig å tenkja på det for alle i bygda resten av året også. Me har ein del andre konsertar me håpar folk møter opp på, der me kan bidra med noko positivt. Å møte opp er den beste måten å støtte oss på. Det er difor me øver.

Til toppen