FYLLER 40: I år er det 40 år sidan musikk- og kulturskulen i Årdal vart starta. Det vert markert med ein framtidsretta konsert. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
FYLLER 40: I år er det 40 år sidan musikk- og kulturskulen i Årdal vart starta. Det vert markert med ein framtidsretta konsert. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Feirer kulturskulen med å sjå framover

I 40 år har musikk- og kulturskulen betydd mykje for både elevar og innbyggjarar.

Årdal: I mars skal det heile markerast med ein storslått konsert. På scena får dei selskap av Good Time Charlie – bandet som har gitt ut to barneplater med bluesmusikk og nynorske tekstar.

– Me ville spandere ei spesiell oppleving på dei elevane me har i dag ved å la dei få spele med og synge saman med profesjonelle musikarar. Det trur me kan gi elevane ein boost og eit løft, fortel rektor for kulturskulen, Sigyn Øren. 

– I tillegg ville me inkludere barnehagane i dette, så dei eldste ungane i barnehagane i Årdal får no kome på besøk i kulturskulen tre gonger kvar fram til mars. Her lagar me ei skikkeleg musikkleikestove, der dei får synge, danse og spele instrument saman med oss. 

I midten av mars er den store festen. Då får alle barnehageungane i kommunen gratiskonsert med kulturskulen og Good Time Charlie på dagen, og på kvelden blir det konsert for alle som vil kome å høyre på.

Artikkelen held fram under biletet.

SPESIELL OPPLEVING: – Me ville spandere ei spesiell oppleving på dei elevane me har i dag ved å la dei få spele med og synge saman med Good Time Charlie. 
SPESIELL OPPLEVING: – Me ville spandere ei spesiell oppleving på dei elevane me har i dag ved å la dei få spele med og synge saman med Good Time Charlie. 

Ser framover

Tysdag var dei eldste ungane i Haugane og Ve barnehage på besøk. John Erik Rode leia han, dirigerte, inkluderte, dansa og spelte. På ungane sat smila laust etter kvart som dei vart varme i trøya. Med fullt band song dei Good Time Charlie for full hals.

– Dette er aktivitetar me vanlegvis driv med for at dei skal bli trygge på kvarandre. Du såg kor flaue dei var då dei kom inn, men så brukar me musikk til å fremja rørsle og tillit, forklarar han.

Artikkelen held fram under biletet.

NYE OPPLEVINGAR: John Erik Rode meiner kulturskulen byr på nye opplevingar for barn og unge, noko som byr på både menneskeleg og musikalsk utvikling. 
NYE OPPLEVINGAR: John Erik Rode meiner kulturskulen byr på nye opplevingar for barn og unge, noko som byr på både menneskeleg og musikalsk utvikling. 

– Me fann ut at me ville ha fokus på framtidas kulturskuleelevar denne gongen i staden for å gå tilbake i historia og leite fram gamle elevar. Då får dei ein smakebit på kva med held på med her og ser kor kjekt det er å drive med musikk. Og så tenkjer jo me litt rekruttering, smiler Øren, som understrekar at det historiske tilbakeblikket vil kome i eit seinare høve i år.

Utviklande og sosialt

Denne gongen er det framtida det handlar om, og med over 200 elevar å ta av, er sjansen god for at ein av desse kan bli den neste Karl Seglem eller Per Hillestad. Er det ein ting som er sikkert, så er det at Årdal har lange og gode tradisjonar innanfor musikken.

– Ein får oppleve masse ved å vere med i kulturskulen. Ein blir kjend med instrument, ein utviklar seg både menneskeleg og musikalsk, og ikkje minst er det sosialt. Musikk er eit felles språk, der ein kan snakka saman uansett kva nivå ein er på, seier Rode.

Artikkelen held fram under biletet.

FULLT BAND: I samband med 40-årskonserten i mars får alle barnehagane i Årdal delta på øvingar, der dei lærer seg songane og får vere med og spela sjølve. 
FULLT BAND: I samband med 40-årskonserten i mars får alle barnehagane i Årdal delta på øvingar, der dei lærer seg songane og får vere med og spela sjølve. 

Øren fortel at dei har mange ulike typar elevar, der nokre utviklar seg til å bli gode lyttarar og musikkelskarar. Andre blir glade amatørar som bidreg i lokalsamfunnet, medan nokre klarar kanskje å ta steget heilt ut og leve av musikken.

– Eg trur kulturskulen har betydd mykje desse 40 åra. Me hadde ein konsert i helga (med Øvre Årdal Janitsjarkorps journ. anm.), der innleide musikarar seier kulturskulen har produsert mange flinke aktørar som vert lagt merke til utanfor kommunegrensene. Slik vil me vere framleis og utvikle oss vidare med eit godt opplæringstilbod, seier Øren. 

Til toppen