TI ÅR: Årdal Gålag har planar om å markere tiårsjubileumet på skikkeleg vis. Foto: Magnar Fredheim.

Feirer ti år som gålag

Årdal Gålag har planar om å markere tiårsjubileumet på skikkeleg vis.

Årdal: Seinare denne månaden håpar dei så mange som råd vil vere med på feiringa. Dette skal altså feirast seinare denne månaden. Eit festskriv skal lagast, det skal synast fram bilete og film, og det blir servering. 

– I løpet av ti år har ikkje ein einaste tur blitt avlyst, men me har sjølvsagt endra litt på turane på grunn av føre og vêrforhold, fortel leiar i gålaget, Gunvor Nordås.

Det var ho som var pådrivaren til å starte eit gålag i si tid. 

– Eg prøvde fleire gonger, men det var lite interesse. Eg budde to år i Amerika og var medlem i ein haikeklubb der. Kvar torsdag møtte me då opp, og så gjekk me ein tur i til dømes Rocky Mountains. Då eg kom heim til Årdal, tenkte eg at dette må me få til. Eg fekk med meg Svein Fretland og dugnadgjengen hans, og sidan har me drive på ti år, smiler Nordås.

Leiar i Årdal Gålag, Gunvor Nordås.
Leiar i Årdal Gålag, Gunvor Nordås.

Positive effektar på mange forhold

241 turar til 120 ulike reisemål har det blitt i løpet av åra. I tillegg til at det er sosialt og helsefremjande, finst det andre positive effektar.

– Det mest positive, tykkjer eg, er når folk seier dei aldri hadde kome seg til ulike plassar om det ikkje var for gålaget. Det er så kjekt å høyra.

På nesten alle turane deira er det med ein kjentmann som kan fortelja om historie, ætt og folk til dei ulike plassane. 

– Me har vandra på gamle stølsvegar, attgrodde stiar, både i bygda og utanfor bygda. Me har vore på nedlagde høgdegardar og overnattingsturar, fortel Nordås.

Datsturhytte

Til og med utflytte årdøler og folk frå nabobygdene er med på turane. I løpet av åra har dei hatt nesten 9000 personar med på turane sine. I løpet av få år, reknar Nordås med at dei bikkar 10 000. 

Dei går ikkje berre på tur. No har dei også store planar for dagsturhytta, som alle kommunar i Sogn og Fjordane skal få.

– Sidan det allereie er ei hytte ved Paradisjuvet på Seimsåsen, skal denne plasserast på Moakamben i Øvre Årdal. Me har allereie vore i møte med folk i fylkeskommunen, og dersom Årdal kommune vil forskuttere summen det kostar, kan ho kome på plass allereie i år.

Til toppen