SKAL STYRKAST: Marknadane skal gjennom eit utviklingsprosjekt styrkast så dei for framtida blir ståande på eigne bein - her frå Julemarknaden i år. Arkivfoto: Kaja Nygård
SKAL STYRKAST: Marknadane skal gjennom eit utviklingsprosjekt styrkast så dei for framtida blir ståande på eigne bein - her frå Julemarknaden i år. Arkivfoto: Kaja Nygård

Fekk 200.000 kroner til å styrka marknadane

Trass i at alle dei tre marknadane i Lærdal i 2016 vart ein suksess, vil foreininga Lærdalsmarknaden gjera grep for å stå betre på eigne bein. Til dette atrbeidet løyvde formannskapet 200.000 kroner.

Lærdal: «Bakgrunnen for å setja i gang eit utvikingsprosjekt handlar om at Lærdalsmarknaden som organisasjon har utfordringar som må løysast for å sikra vidareføring av marknadstradisjonen», opplyser Jon Tamnes i foreininga Lærdalsmarknaden.

Lærdalsmarknaden på sommaren har eksistert sidan 1982, haustmarknaden i sidan 1990 og julemarknaden sidan 2014.

I år var det på hengande håret at haustmarknaden og julemarknaden vart arrangert fordi støtta på 100.000 kroner årleg frå kommunen fall bort. Marknadane vart berga på hengande håret ved at formannskapet vedtok ein garanti dersom det skulle bli underskot - men marknadane gjekk med overskot og stod såleis på eigne bein denne marknadssesongen.

Les også: Det blir julemarknad i år også

Les også: Julestemninga kom, utan snødryss

Skal styrka Lærdalsmarknaden som ressurs for Lærdalssamfunnet

Men foreininga søkte Lærdal Næringsutvikling om eit tilskot på 200.000 kroner til eit utviklingsprosjekt for at marknadane også i framtida skal kunne stå betre på eigne bein:

«Målet med heile prosjektet er å styrka Lærdalsmarknaden som ressurs for Lærdalssamfunnet, slik at arrangementet kan halda fram med å skapa verdi og positiv aktivitet for innbyggjarar, næringsdrivande og besøkande», opplyser Tamnes vidare.

NØGDE: Astrid Trulssen og Jon Tamnes i foreininga Lærdalsmarknaden var nøgde dpå haustmarknaden vart berga i september - og med det nye utviklingsprosjektet ligg det an til fleire haustmarknader. Arkiv
NØGDE: Astrid Trulssen og Jon Tamnes i foreininga Lærdalsmarknaden var nøgde dpå haustmarknaden vart berga i september - og med det nye utviklingsprosjektet ligg det an til fleire haustmarknader. Arkiv

Utfordringane Lærdalsmarknaden som organisasjon vil løysa gjennom prosjektet er å styrka struktur og kompetanse, unngå at marknadane blir for avhengige av nokre få, sentrale personar – særleg er sekretærfunksjonen eit kritisk element, og kommunikasjonsstrukturane mellom marknadsnemnda og sentrale samarbeidspartar  skal styrkjast.

Samrøystes formannskap

I tillegg søkjer dei å skapa meir langsiktige og føreseielege finansieringsløysingar, eit større handlingsrom for eit strukturert utviklingsarbeid og nye investeringar, og utnytta marknadspotensialet betre, vidare å auka eigeninnteninga.

«Etter prosjekteigar sine vurderingar er det tre ulike scenario som bør danna grunnlaget for drøfting og avklaring av ambisjonsnivået», opplyser Tamnes.

Kor vidt ein skal halda fram med å gjennomføra eksisterande marknader på dagens nivå, korleis ein skal utvikla sjølve marknadane vidare, og korleis ein skal utvikla og styrka Lærdalsmarknaden som organisasjon for å utnytta det potensialet som ligg både i vedtektene og i merkevara Lærdal er det desse tre scenaria går ut på.

Formannskapet vedtok samrøystes å løyva 200.000 kroner til utviklingsprosjektet. Vedtaket er endeleg og pengane skal hentast frå Nærings-og konsesjonsavgiftsfondet. 

Til toppen