Fekk 300 underskrifter - no utset dei stenging ved Kjørnes barnehage - Porten.no
:
Tilhøyrarbenken vart fylt under handsaminga av innbyggarinitiativet for dei mellombelse avdelingane ved Kjørnes barnehage. Synne Aafedt Liljedahl med Sigve i samtale med rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu og ordførar Arnstein Menes.
Tilhøyrarbenken vart fylt under handsaminga av innbyggarinitiativet for dei mellombelse avdelingane ved Kjørnes barnehage. Synne Aafedt Liljedahl med Sigve i samtale med rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu og ordførar Arnstein Menes. (Foto: Sogndal kommune/Mariann Skau)

Fekk 300 underskrifter - no utset dei stenging ved Kjørnes barnehage

Med 300 underskrifter er kommunestyret plikta å ta stilling til forslaget, og torsdag fekk dei gjennomslag.

Sogndal: Formannskapet stadfesta i eit møte i slutten av januar at to mellombelse avdelingar ved Kjørnes barnehage skulle avviklast frå barnehageåret 2020/2021 og at born og tilsette ville bli overflytte til den nye barnehagen i sentrum, Fosshagen utdanningsbarnehage. 

4.februar mottok Sogndal kommune eit innbyggjarinitiativ på vegner av foreldra ved Kjørnes barnehage og Kjørnes vel. Dei hadde samla inn over 300 underskrifter, skriv Sogndal kommune på sin heimstad. 

– Underskriftene er ei støtte for to års utsetjing av dei to avdelingane, med gradvis avvikling frå sommaren 2021, skriv dei. 

Med over 300 underskrifter er kommunestyret plikta å ta stilling til forslaget, og saka kom difor opp i formannskapet og kommunestyret torsdag.

Fekk gjennomslag

På kommunestyretmøte fekk innbyggjarinitiativet gjennomslag og politikarane utset stenging av to mellombelse avdelingar ved Kjørnes barnehage, skriv Sogndal kommune.

I vedtaket heiter det: "Kommunestyret opprettheld det mellombelse barnehagetilbodet ved Kjørnes barnehage også for barnehageåret 20/21. Dette under føresetnad om dispensasjon for vidare drift utan krav som medfører ekstra investeringskostnader. Meirkostnader/mindreinntekter vert finansiert ved budsjettrevisjon. Budsjett/ØP-arbeidet hausten 20/21 må definere/fastsetje det framtidige barnehagetilbodet i kommunen."

 

 
Til toppen