50 000 KRONER: Årdalstangen Musikklag har fått heile 50 000 kroner frå Gåveinstituttet til Indre Sogn Sparebank. Arkivfoto
50 000 KRONER: Årdalstangen Musikklag har fått heile 50 000 kroner frå Gåveinstituttet til Indre Sogn Sparebank. Arkivfoto

Fekk 50 000 kroner frå banken

– Denne gåva er særdeles kjærkomen og vi er svært glade, seier ein overraska og glad styreleiar.

Årdal: For ei god veke sidan fekk styreleiar i Årdalstangen Musikklag telefon frå Laila Hansen i Indre Sogn Sparebank om at korpset var tildelt heile 50.000 kroner frå Gåveinstituttet, skriv Årdalstangen musikklag på sine nettsider.

– Denne gåva er særdeles kjærkomen og vi er svært glade, sier ein overraska og glad styreleiar.

«Korpset søkte om støtte til skulekorpsarbeidet som er viktig for framtidig korpsaktivitet i bygda, men også økonomisk krevjande for korpset då vi må hente instruktørressursar utanbygds frå.

Vi nyttar også høvet til å takke banken som fast generalsponsor heilt sidan vi lanserte sponsorprogrammet "Symfoni" for 9 år sidan», står det vidare på nettsida.

Til toppen