Fekk besøk av dei tre bukkane Bruse

6. klasse dramatiserte eventyr for barnehagane på Årdalstangen.

Torsdag besøkte 6. klassingane ved Tangen skule Årdalstangen barnehage og Einehaugen barnehage der dei dramatiserte eventyr. 

Klassen har hatt dette som tema i undervisninga, og etter ei veka med øving var dei klare for framføring.

– Me var kjempeglade for at barnehagane ville ta oss imot og lata oss dramatisera for dei. Dette er god øving for elevane og morosam underhaldning for barnehageungane, fortel lærar for elevane, Ronny Rinde.

– Både elevar og ungar var veldig flinke, og samarbeidet mellom skulen og barnehage er flott. Berre det å få sminka kvarandre og vera kreative i rollene sine gjorde at dette gav meirsmak.

Elevane fekk sjølve velje kva eventyr dei ville dramatisera. Valet fell på «Dei tre bukkane Bruse», «Raudhette og ulven» og «Pannekaka» og «Dei tre små grisane».

– Hovudgrunnen til at dei gjer dette er for å få trening i å presentera noko munnleg framføre publikum – i tillegg til å gleda ungane i barnehagen.

Sjå bilete frå framføringane i galleriet øvst i artikkelen.

Til toppen