Fekk besøk av lure reverockarar

– Og me som trudde de berre var triste her i akk og Ve barnehage, seier Mikkel & Reverockarane. 

MIKKEL OG REVEROCKARANE: Bandet består av Flua, spelt av Øyvind Fossheim (f.v), Øyvind Gravdal i rolla som Mikkel og til sist Bjella, spelt av Jon Arne Bjørnstad.
MIKKEL OG REVEROCKARANE: Bandet består av Flua, spelt av Øyvind Fossheim (f.v), Øyvind Gravdal i rolla som Mikkel og til sist Bjella, spelt av Jon Arne Bjørnstad.

Dei over 20 ungane har kome på plass frå dei fleste kantar av Ve barnehage i Øvre Årdal føre konserten. Styrar i barnehagen, Ine Hillestad Aannevik, minnar dei om å klappa og å passe på at dei sit godt, før bandet Mikkel & Reverockarane kjem inn i kostyme og med saxofon, keyboard og gitar. 

I bæ-dur, fly-dur og med E16 akkord

– Me reiser rundt å stjeler, nei rappar, nei rapar songar, som me sjølv har snikra. Songane er så fengande fine og flotte, at folk trur dei har høyrd dei før, seier Fluga lurt til ungane. 

For det var jo ikkje heilt sant. Mikkel & reverockarane stel nemleg andre sine songar, men laga nye  humørfylde og rocka versjonar av kjende barnesongar som «Bjørnen sover», «Trollmors voggesong» og «Bæ bæ lille lam». 

SKREMT I SØVN: Flua fortel at mor hans brukte å binde syskena fast i svansen, før dei vart skremt i søvn av mora sin versjon av Trollmors voggesong. Det same skjedde i Ve barnhagen då dei tok sin eigen versjon av songen.
SKREMT I SØVN: Flua fortel at mor hans brukte å binde syskena fast i svansen, før dei vart skremt i søvn av mora sin versjon av Trollmors voggesong. Det same skjedde i Ve barnhagen då dei tok sin eigen versjon av songen.

Ungane tok også utfordringa med å bidra til å finna på tekstar, i tillegg til å synge og rocke med. 

– Syng med oss. Teksten er rett og slett: reverock. Men det er også heilt greitt å synga jevejåkk og levelåkk, seier Mikkel før dei stemmer i på ny. 

– Mykje glede

Både Sofie Lindberg (4) og Denisa Clopotaru (4) er godt nøgd etter konserten. 

– Kva tykkjer de var bra?

– Reverocken, svarar dei kontant. 

Sofie fortel at ho også har gitar, men at ho ikkje trur ho klarar å spele reverock sjølv om ho kan nokre julesongar. 

KJEKT MED REVEROCK: Sofie Lindberg (4) og Denisa Clopotaru (4) i Ve barnehage i Øvre Årdal.
KJEKT MED REVEROCK: Sofie Lindberg (4) og Denisa Clopotaru (4) i Ve barnehage i Øvre Årdal.

Hillestad Aannevik sikra seg også CD av Mikkel & Reverockarane før gruppa la i veg over fjorden. 

VIKTIG: Styrar for Ve barnehage Ine Hillestad Aannevik tykkjer det er kjekt at ungane får ulike kulturopplevingar.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Me er godt nøgd med at me får besøk av ulike typar førestillingar frå reverock, evetyr til ballett og folkemusikk gjennom fylkeskommunen. Det er kjempekvalitet på førestillingane og opplevingane gir ungane mykje glede, seier Hillestad Aannevik. 

Barnehageturné

Mikkel & reverockarane er i desse dagar på to veker lang barnehageturné i Indre Sogn. Onsdag hadde dei først vore i Årdaltangen barnehage, før dei tok turen til Ve barnehage. Arrangementet er ein del av den kulturelle skulesekken til Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Musikarane er også medlem i gruppa Lyriaka, som skal rundt på skuleturné etter påske. 

– Korleis er det å reise rundt for å spele konsert i barnhagar?

– Det er moro og givande. Me føler me gjer ein viktig jobb ved å gi ungane ei musikkoppleving. Å ha det moro utløyser mykje energi og er noko ein ikkje kan måle i pengar, seier Øyvind Gravdal, eller Mikkel som me best kjenner han. 

Til toppen