SOLIDARISK: Grete Sande frå Øvre Årdal har vore engasjert i brystkreftsaka dei siste fem åra.
SOLIDARISK: Grete Sande frå Øvre Årdal har vore engasjert i brystkreftsaka dei siste fem åra. (Bilde: Synne Asheim Haga)

Fekk brystkreft for tolv år sidan – no jobbar ho i solidaritet med dei som vert råka av det same

Årets rosa sløyfe-aksjon inntok Årdal.

Årdal: Grete Sande frå Øvre Årdal hadde brystkreft for tolv år sidan. Ho vart operert, fekk cellegift og strålebehandling og er no frisk.

RUNDREISE: Den rosa sløyfe-bussen reiser rundt i heile landet for å informere om brystkreft. Denne veka var det stopp i Årdal.
RUNDREISE: Den rosa sløyfe-bussen reiser rundt i heile landet for å informere om brystkreft. Denne veka var det stopp i Årdal. Foto: 

– Eg meiner det er viktig å visa solidaritet med dei som får det i dag og gje informasjon til folket så dei er flinkare å sjekka seg sjølve, seier Sande.

Førre veke sat ho og andre frivillige to dagar på stand i Øvre Årdal og selde effektar til inntekt for årets rosa sløyfe-aksjon.

Ein av tolv kvinner vil få brystkreft i løpet av livet. Ni av ti overlever, men mange får seinskader av behandlinga. Det kan gi utslag i alt frå nedsett kjensle i armar og føter, til generell utmatting. Årets aksjon rettar difor spesiell merksemd mot å auke kunnskapen om desse seinskadane.

– Årdølene har vore kjempeflinke til å støtte opp om det, seier Sande om responsen dei har fått på standen.

Til toppen